fredag 6. august 2010

Den dag kjem aldri...

...at eg deg gløymer.

Inspirert av mi minste syster sin blogg, adopterar eg sitatet for dagen.
Det seier ganske mykje. Det er mange levande vesen vi møter i vårt liv, vere det seg antan menneske, eller forsåvidt også dyr. Og det er igjen mange av desse vi aldri gløymer, når dei av ulike grunnar reiser eller vert tekne vekk frå liva våre.
Så til ære for dei:

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg um deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart meg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.
(A.O. Vinje)

torsdag 5. august 2010

Tvil og slikt...

Eg har mange gongar vore i tvil. Det er vel alltid eit eller anna ein kan vere i tvil over, slik reknar eg med dei fleste har det. Men no, som så mange gongar før, er eg i tvil om kva eg skal gjere med livet mitt. Eller rett og slett kva eg skal verte når eg vert stor. For det er ikkje noko smal sak å finne ut.
Eg har nemlig hatt svært mange idear, om at eg skulle jobbe både som politi, brannkvinne, sjukepleiar, ambulansesjåfør, førskulelærar, flygeleiar, sjokoladefabrikkmaskinoperatør, cocacolafabrikkmaskinoperatør eller rett og slett lastebilsjåfør. Men kva skal ein velge?

I i løpet av våren og sommaren søkte eg sjølvsagt på ein haug med skular. Dette har eg no gjort kvart år, dei siste sju åra. For etter at eg gjekk ut frå vidaregåande, skulle eg nemlig ha eit "friår", jobbe litt, og tene pengar. Det gjorde eg riktignok. Men eg heldt fram nokre år til. Det er neimen ikkje lett å kome seg tilbake på skulebenken.

Eg kom inn på Journalistikk på Høgskulen i Volda i år. Det gjorde eg. Men kva gjorde eg med dette? Eg takka nei! Har du høyrt på slikt? Eg angrar sjølvsagt no. For eg kunne faktisk tenkt meg å gått Journalistikk i Volda. For det skal vere bra det. Har eg høyrt. Men no er det nok ikkje noko å gjere med det. Takka ja til jobb på Gardermoen gjorde eg no også. Så sånn vert det. Og sånn vert det nok ei stund. For eg trur ikkje eg kjem til å bestemme meg heilt med det første, om kva eg skal verte når eg vert stor. Men på ei anna side, så spørs det no kor ein definerar når eg er stor. Eg kan no faktisk ha god tid. Ja, det vel eg å tru. Så då seier vi det slik:-)


"There comes a point in your life, when you’re officially an adult. Suddenly, you’re old enough to vote, drink and engage in other adult activities. Suddenly, people expect you to be responsible, serious, a grown-up. We get taller, we get older. But do we ever really grow up?"
(Meredith, Greys Anatomy)

torsdag 29. juli 2010

Livet på Sunnmøre :-)

"Eg veit kvar livet er verdt å leva, jau utan tvil her i bygda vår"

Det er so sant som det er sagt. Livet er verdt å leve på Sunnmøre. Steikje fint er det faktisk:)
Eg vert so heimekjær når eg har vore heime i Dalsfjorden. Og det har eg vore no.
Sit faktisk på flyplassen, og ventar på eit forsinka fly. Som sikkert ikkje landar med det første, sidan skodda ligg langt nedi fjella. Men då får eg no tid til å legge ut litt bilder og slikt, for dei som måtte vere interesserte:)

Det er alltid godt å kome ned Stigedalen, og sjå dette skiltet. Endeleg heime:)


Når eg er heime, må eg sjølvsagt på Fossastøylen, og Anja er ikkje vond å be. Her poserar ho, som ho så ofte elles også gjer, nesten på toppen av Brattebakken:


Kjekk turkamerat dette:


Planane var store, både om Høgenipa og Vardehornet. Men vi stoppa nok på Fossastøylen. Her er nemlig utsikta opp mot Vardehornet:


Men godt selskap fekk vi no på støylen og, Anne Reidun godt i gong med maling av Steffahytta:


Godt å kunne bruke naturens eige kjøleskap. Kald vart ho øla i alle fall:

Og då vi kom nedatt, var det på tide å ta inn hesene, sidan høyet var ferdig hesja. Dagens framandord for dykk austlendingar: Hesjastaur :)
Sunny var ivrig medhjelpar med høyet:


Og Anita poserar sjølvsagt:)



I dag var både Sunny, Anja, Anita og mamma med på flyplassen, då eg skulle reise. Og Sunny var så heldig å få sitte framme. Spanande ska sei:



Det var vel det eg rakk, høyrer flyet landar her no, så vi er vel straks klare for boarding.
Men me sjåast plutselig igjen:-)

fredag 23. juli 2010

Ny jobb :-D

Eg har fått meg ny jobb! Jess:-)
Frå og med august, vert eg å finne på Oslo Lufthavn Gardermoen faktisk. Så berre å stikke innom:-)

onsdag 21. juli 2010

Litt mindre vellukka trillebårtur...

Slik gikk det då eg og Anja ikkje gadd å gå, men satte oss i trillebåra i staden...



Anja stakk i alle fall fort av...



God stemning!

tirsdag 20. juli 2010

Tvilsomt...

Eg skal innrømme at eg ikkje alltid fyl med på rekningar eg får i posten. Stort sett betalar eg, og kastar, og har eit mindre problem å hanskast med. Men av og til byrjar eg å lure. Og det er når eg får slike koselige betalingsvarslar, utan heilt å vite kvifor...


Denne gongen var det mitt kjære mobilselskap som var avsendar. Værsågod! Eit betalingsvarsel. Men opphavleg faktura? Nei, den har vi ikkje sett.
Så eg ringde difor selskapet. Noko eg forøvrig stort sett aldri gjer, sidan dei veit å ta seg betalt godt for det og. Eg fann riktignok ut at køa var uanstendig lang, så eg la på, og sende dei ei melding på Twitter. Takk og lov for slike nye fancy tekniske løysingar :P

Etter litt fram og tilbake, får eg spørsmål om dei kan ringe meg, sidan det er lettare å forklare. Sjølvsagt! Kvifor skulle dei ikkje det? Eg svarar ja, og ventar. Og ventar. Til eg ikkje gidd å vente lenger. Men så, 20 timar seinare, ringjer dei. Yay! - Vi kan dessverre ikkje sjå kvifor du har fått denne fakturaen, seier dei. Jaja. Like greitt. Så då kastar eg fakturaen då. Og ventar i spenning på eit innkassovarsel om ei to-tre veker...

Greitt å ha litt tidsfordriv når ein er arbeidslaus i alle fall :-)

fredag 16. juli 2010

God sommar! Tilbakeblikk...

Eg har vel ikkje hatt noko vettugt å seie eg då, sidan eg ikkje har oppdatert her sidan april... :-)
Men det har no forsåvidt skjedd ein del då. Eg har mellom anna slutta i vektarjobben min... og begynt som ringevikar i Adecco, som barnehageassistent og servitør... Forsåvidt greie jobbar det. Ikkje den høgaste løna, og ikkje så altfor mykje oppdrag no på sommaren, men ein overlev no vel slikt og. Eg får i alle fall meir fritid då, enn då eg jobba fulltid :p

Eg har også reist littegrann sidan sist. Var mellom anna ein tur til Haugesund. Flaug opp. Jobba. Overnatta. Flaug tilbake, og fann ut at eg hadde lagt igjen husnøklane mine på hotellet. BIG mistake. hehe... Så det eg gjorde då, var å legge bagasjen min på Oslo S, booke fly tilbake til Haugesund, for å hente nøklane, og satte kursen mot Gardermoen... igjen!
Du kan sjølvsagt spør om det var verdt ein tur heilt tilbake for å hente nøklane? Og svaret er ja! Eg ringde eit slikt eit fancy "hjelp-eg-har-låst-meg-ute-kan-du-låse-meg-inn-igjen"-selskap, og dei skulle ha ein utanomjordisk sum for å dirke opp døra mi. Og ikkje kunne dei gjere det før mange fleirfaldige timar seinare heller... så det var uaktuelt. Eg prøvde også å få tak i nokon i borettslaget mitt, for å kanskje finne ein reservenøkkel, men det var no enklare sagt enn gjort. Så eg enda som sagt på Gardermoen. Rett og slett berre for å drite i meir stress, og gjere det enkelt :-) Men då eg kom til gaten, så ringte leiaren i borettslaget mitt, og sa ho hadde ekstranøkkel. Så då tok eg rett og slett bussen heim, og kansellerte flyet. Enkelt og greitt:-)

Elles har eg vore på ein aldeles fin tur opp på Gaustatoppen, saman med Knut, Inghild og Knut2:


Eg har faktisk, tru det eller ei, sprunge Holmenkollstafetten. Riktignok den kortaste etappen som fanst, men likevel :p Her er etappen min:

Samme dag som stafetten, var eg på storvegs konsert med The Dubliners. Riktig så koslig :-)

Eg og Eli har hatt fotosession på Akershus Festning:


Og takket vere mi kjære lisjesyster, så fekk eg meg VIP-billettar til Green Day konsert på Ullevål stadion:


Eg har prøvd meg med sykkel på stiar som aldeles ikkje tilsvarte mitt sykkelkunnskapsnivå:

Og eg har guida publikum på Telenor Arena på Fornebu, under Eurovision Song Contest 2010:


Eg var også heime på Sunnmøre ein tur, for å feire 17.mai:

Og har vore ute på tur på Vestlandet, med denne kompisen:

Då søstrene sisters fann desse kleda på shopping i Sverige, så måtte vi sjølvsagt ha fotosession:


Hilde Susanne var så grei og tok meg med på generalprøve på Norwegian Military Tattoo i Oslo spektrum:

Og i førre veke, tok eg meg ein svipptur til London. Jobbtur, for å hente eit kostyme. Men fekk då litt sightseeing på kjøpet og:-) Her, oppsøkjing av Harry Potter platformen på Kings Cross i London:)

Tur til Lofoten har eg og hatt, saman med Knut. Der var vi mellom anna på RIB-båttur. Fantastisk:D


Vel, kvifor skrive blogg så ofte, når eg kan lage slike kavalkadar som dette? :P
Eg kan sjølvsagt skrive at eg kjem tilbake med oppdateringar oftare framover, men det har eg sagt før:p

Till then! See you all:-)