torsdag 19. februar 2009

Ny bustad! :D

Sidan eg kom hit i August, så har eg i grunnen prøvd å få ei tomannsleiligheit. Har fått beskjed om at det er altfor lang ventetid og slikt tull, så har i grunnen ikkje tenkt så mykje meir på det i det siste. Men i går vettu, så ringte dei frå Price Managment, som er ansvarleg for alle leiligheitene, og sa at eg kunne få ein tomanns. Med det vilkåret at eg flytta ut av den forrige leiligheita, og inn i den nye, der og då. Lett! Sjølv om vi berre hadde to-tre timar på oss, så gjekk det faktisk fint. Så no bur eg ein ny stad. I grunnen berre tvers over gata, men berre ei å dele rom med. Og det er Merete. Frå Levanger. Skal legge ut bilete og sliktno etterkvart. Men tenkte berre eg skulle dele den fantastisk gode vekas beste nyheit :-)

tirsdag 17. februar 2009

Litt av kvart...

Igjen, lenge sidan sist her. Skjer ikkje så mykje spennande heile tida:p Men skal, som eg alltid har sagt, verte flinkare til å oppdatere her.

Sidan sist, så er Valentines Day vel overstått. Kjempegreier. Største som skjedde var vel at ein gjest i restauranten fridde til dama si. Det var faktisk veldig søtt. Med ring i glassko og greier, gjekk han ned på kne. Sukk :-)

Ellers har eg kjøpt meg årskort i SeaWorld. Og var der for første gong her om dagen. Koseleg var det. Såg på Shamu show og greier.

Ein eller annan fancy bil, for dykk bil interesserte ;)

Bilen igjen då. Berre framanifrå. Hehe...

Sjølvsagt også Shamu. Som kastar på eit kvinnfolk opp i lufta. Fancy :-)
Og ein skjeggete stilig fugl.

Er slikt vi har å fordrive dagane med her for tida.

No skal eg nok leggja meg. God natt!