torsdag 15. april 2010

Vestlandet med skrivefeil, og Mummi på nye eventyr!


Det er tid for nye Mummi eventyr. Herlig!
Vi begynne snart å verte litt lei av å køyre E134 bortover landet her, menmen.. Vi har no i alle fall kome oss til Haugesund. Åkrehamn nærare bestemt var dagens mål. Og der har dei ikkje Rema 1000, men Rema100. Fancy:

Slikt må no ein berre dokumentere. Eg trur i grunn eg har vorte litt påvirka av Lise sin sjuke fascinasjon for skrivefeil, men artig er det. Det syns Lise og, då vi stoppa på ein random Spar butikk på Røldalsfjellet. Der hadde dei nemlig 10 kr`s sal:

Vi har alle vorte svært så gode på å selje Mamma blad i løpet av turneen vår. Ikkje at det var noko kundegrunnlag i Åkrehamn. Men Mummi gjorde no i alle fall sitt beste:


Eg, derimot, syns det var artigare med litt kostymeprøving:
Vakkert ja? :p

Ut å nyte sola måtte vi også sjølvsagt, når endelig Vulkanstøv-skyene letta:



Trur nok Mummi på på ein aldri så liten slankekur:


Men nok om Mummi. Dagens høgdepunkt var vel heller dette:

Macen er kjekk å ha. I alle fall når den har nett. Og når VG sender live fotball. Mohammed Fellah, you made my day :D


Over og ut frå Neptun hotell i Haugesund.

lørdag 3. april 2010

Alle fuglar små dei er!

I dag våkna eg til fuglekvitter. Å du, kor vent :)
Og det var faktisk ein deilig måte å våkne på. Både fordi det var fuglekvitter, men også, ikkje minst, fordi eg hadde gløymt å stille inn vekkjarklokka mi. Igjen. Ja, dette er noko eg gløymer både titt og ofte. Men det er då godt at vi har desse vene små fuglane til hjelp då.
Så då var det berre å pakke ned Mummitrollet som chilla og lufta seg i stova, og sette kursen på jobb...

Men vent no litt. Eg var då ikkje på jobb med Mummi i dag... So då må gudane vite kvifor Mummi var i stova mi. Eg fekk levert han frå meg i alle fall. Og tatt over denne karen i staden:


Oh yes, sjølvaste sjølve, rett frå Hollywood. Snurre Sprett i egen høge person. Sjå kor søt då:-)
Vi hadde oss i dag ein aldri så liten tur til Klosterskogen travbane.
Og der var det forsåvidt action i dag. Men det var visst etter vi dro, så såg ikkje noko til det.
Anyways, det var riktig så koselig på travbana. Sol, tusenvis av menneske og god stemning. Nysteikte vafler fekk vi også til og med, så ikkje noko å klage på då:-)
Men no ber det rett til sengs.

Ha ei fantastisk fortreffelig påske vidare alle saman!

fredag 2. april 2010

Happy easter people!

God påske! :-)

No har eg endelig litt ferie, både frå jobb1 og jobb2, så nyt dei raude dagane og slappar godt av:-)
Tenkte eg skulle legge ut eit par bilder frå Mummi turneen. Her feks, eit svært vellykka bilde av meg og Mummi, då vi delte ut påskeegg her om dagen. Kjekt med spegl i heisa:-)


Vi fekk også påskegodis då vi sjekka inn på eit fantastisk hotell i Arendal. Riktig så koselig.



Og ikkje minst må eg ta med utsikta frå rommet. Vakkert! Rett og slett.

No nyt eg ferien i hovudstaden. Der eg hadde håpa på supert påskever og mykje tid på ski. Men grått og trist, og regn for øyeblikket. Kjedelig. Men sofatjeneste er ikkje heilt feil alltid det heller:P