fredag 6. august 2010

Den dag kjem aldri...

...at eg deg gløymer.

Inspirert av mi minste syster sin blogg, adopterar eg sitatet for dagen.
Det seier ganske mykje. Det er mange levande vesen vi møter i vårt liv, vere det seg antan menneske, eller forsåvidt også dyr. Og det er igjen mange av desse vi aldri gløymer, når dei av ulike grunnar reiser eller vert tekne vekk frå liva våre.
Så til ære for dei:

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg um deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart meg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.
(A.O. Vinje)

torsdag 5. august 2010

Tvil og slikt...

Eg har mange gongar vore i tvil. Det er vel alltid eit eller anna ein kan vere i tvil over, slik reknar eg med dei fleste har det. Men no, som så mange gongar før, er eg i tvil om kva eg skal gjere med livet mitt. Eller rett og slett kva eg skal verte når eg vert stor. For det er ikkje noko smal sak å finne ut.
Eg har nemlig hatt svært mange idear, om at eg skulle jobbe både som politi, brannkvinne, sjukepleiar, ambulansesjåfør, førskulelærar, flygeleiar, sjokoladefabrikkmaskinoperatør, cocacolafabrikkmaskinoperatør eller rett og slett lastebilsjåfør. Men kva skal ein velge?

I i løpet av våren og sommaren søkte eg sjølvsagt på ein haug med skular. Dette har eg no gjort kvart år, dei siste sju åra. For etter at eg gjekk ut frå vidaregåande, skulle eg nemlig ha eit "friår", jobbe litt, og tene pengar. Det gjorde eg riktignok. Men eg heldt fram nokre år til. Det er neimen ikkje lett å kome seg tilbake på skulebenken.

Eg kom inn på Journalistikk på Høgskulen i Volda i år. Det gjorde eg. Men kva gjorde eg med dette? Eg takka nei! Har du høyrt på slikt? Eg angrar sjølvsagt no. For eg kunne faktisk tenkt meg å gått Journalistikk i Volda. For det skal vere bra det. Har eg høyrt. Men no er det nok ikkje noko å gjere med det. Takka ja til jobb på Gardermoen gjorde eg no også. Så sånn vert det. Og sånn vert det nok ei stund. For eg trur ikkje eg kjem til å bestemme meg heilt med det første, om kva eg skal verte når eg vert stor. Men på ei anna side, så spørs det no kor ein definerar når eg er stor. Eg kan no faktisk ha god tid. Ja, det vel eg å tru. Så då seier vi det slik:-)


"There comes a point in your life, when you’re officially an adult. Suddenly, you’re old enough to vote, drink and engage in other adult activities. Suddenly, people expect you to be responsible, serious, a grown-up. We get taller, we get older. But do we ever really grow up?"
(Meredith, Greys Anatomy)