torsdag 30. april 2009

Så har eg prøvd det og...

I går var eg på min første audition nokon sinne. Skummelt? Ja! Men faktisk ganske so artig alt i alt. Hadde litt følelsen av å vere med på American Idol eller noko slikt. Hehe...
Kan vel kanskje forklare kva det var eg var på audition for. Det var Encore!, som er eit kor beståande av folk som jobbar i Disney, og som har konsertar ein gong i året, til inntekt til ei god sak. Årets konsertar går føre seg i slutten av juli, og det var difor no audition for alle interesserte. Var vel ein 150 håpefulle frammøtte på min auditiondag, som var ein av fem dagar, så sei seg sjølv at dette er eit populært innslag :-) Eg tenkte eg skulle prøve meg på dette, mest fordi det virka artig, men også berre på gøy for å ha prøvd det også. Hehe....

Eg har som sagt aldri vore på ein audition i mitt liv, så det var ein ganske skremande tanke, etter alle Idol auditionane eg har sett på fjernsynet. Og det var virkelig Idol eg hadde kjensla av å vere med på når eg møtte fram. Med mykje venting og startnummer på brystet. Men då det endeleg var min tur, så var det faktisk ikkje så ille. Eg hadde bestemt meg for å synge ein norsk song, norsk som eg er. Og valte då pappa si Vise til Dravlausbygda, for å vere litt original:-) Eg måtte også synge When You Wish Upon A Star, med pianoakkopagnement. Så slett ikkje skummelt alt tatt i betraktning. Men får vise seg om ei vekes tid om det var bra nok for Disney :-) Spent er eg i alle høve...

mandag 20. april 2009

Helga... Over igjen...

Så var det arbeidsstart igjen. Alltid like kjekt. Men eg har hatt ei forholdsvis innhaldsrik helg då i alle fall:-)

Planen var å starte fridagane mine med ein tur på stranda, saman med Katie og Merete. Men det gjekk ikkje heilt som planlagt. Katie hadde problem med telefonen, så vi måtte på Apple Store og fikse den. Så då vart turen på stranda plutselig tur til Mall at Millennia i staden. Ikkje at det er meg i mot egentlig:-) Vart ikkje store shoppinga, men fekk gjennomført dagens, eller vekas, alt ettersom, gode gjerning. Starbucks hadde nemlig "Kjøp eit pound kaffe til dei amerikanske troppane, og få ein kopp kaffe til deg sjølv". Vi følte kallet, og enda opp med kaffe for 15 dollar til militærgutta, i staden for ein kaffekopp til 4 dollar. Menmen. Må vere litt veldedige av og til vel?

Vidare følte vi for å bruke litt meir pengar, så vi tok oss ein aldri så liten køyretur til Tampa, og til Hard Rock Casino. Var ikkje den heilt store investeringa det, i alle fall ikkje for min del, som enda opp med ein voucher på 0,04 dollar til slutt. Men artig var det då:-)

Gårsdagen starta med kinobesøk, og "17 again". Søt film i grunn. Litt High School Musical wannabe film, men absolutt verdt å sjå. Er vel ikkje så mange tenåringsjenter som har noko imot at det er Zac Efron som har hovudrolla heller, tenkjer eg.

Så tok vi turen til Universal Studios, og årets avslutning av Mardi Gras. Nelly sto på programmet her, så vi stilte oss i kø, berre seks timar før konserten starta. Men førebudde var vi, med spel og kort og god stemning, så det var i grunn ikkje så ille.




Den kulaste delen av konserten, var då Nelly ville ha opp publikummarar på scena. Venninna til Katie, som eg dro saman med, er kjempefan, så etter mykje hyling og veiving med armar, fekk vi sendt ho opp, så ho fekk synge på scena. Videoen ligg på Facebook sida mi, og på Youtube. Absolutt verdt å kike på :-)

Det var vel mi amerikanske helg. Her startar veka på søndag, så i dag var første jobbdagen min. Alltid den beste dagen i veka:p

Anyways, sjåast rundtomkring. God natt.

mandag 13. april 2009

Påske...

Der var plutselig påska over. Rart med det. Påske er i grunn ikkje så stort her borte i det store utland det. Litt fleire folk i Disney parkane kanskje. Men thats about it.

Har hatt ein fridag dei siste to vekene. På laurdag. Dagen før den einaste dagen som amerikanarane faktisk kallar påske. Og den brukte eg til å jobbe frivillig. På Give Kids The World. Men var artig det. Vi var på eit lokalt kjøpesenter og tok bilete med ungane mot donasjonar. Med Mayor Clayton og Ms Merry sjølvsagt :-)

Dei glade kaniner :-)

Elles har det gått i jobbing.

Og så må det vel kanskje nemnast at eg har klart å melde meg på audition på ein Disney konsert. Det kan verte liv. Eg som aldri i mitt liv har vore på ein audition. Men ein gong må vel vere den første. Trur det er om eit par veker. Så tida får vise :p

Og by the way! Til alle eventuelle kanarifans der ute... I dag trampa vi på dykk. Hardt å brutalt. Det er berre å venne seg til det. Vålerenga is back in business :-)


Dagens visdomsord:
ÆRE VÆRE VÅLERENGA!

torsdag 2. april 2009

Statane mine...

No har eg, etter nøye gjennomrekning, fått med meg 16 statar her borte. Det er forsåvidt ein start. Men det også forsåvidt 34 igjen før eg har nådd målet mitt. Hehe. Eg får sette i gong med planlegginga av neste roadtrip. Sånn FYI :-)

Elles går no dagane med til jobb då. Må ta igjen det tapte sidan eg hadde fri førre veke. Livet er hardt ja :p