tirsdag 14. juli 2009

FERIE! :D litt i etterkant då vel å merke...

Hei og hopp!

Då var ferien allereie over. Så fann ut det var på tide å legge ut litt updates her...
Eg hadde bortimot to veker fri, med besøk av lisjesystå, Anita, som hadde med seg Ole Andreas og Trude. Kjempekjekt. Vi gjorde vel alt som var verdt å gjere i Orlando, alt av parkar i alle fall. Hehe... I tillegg til ein aldri så liten biltur opp til mellom anna Washington, DC og New York.

Dag 1 i Miami. Første dag på stranda, på South Beach. Var ikkje lenge vi var der, før uveret slo inn. Lyn, torden og regn. Men fekk i alle fall kjent på temperaturen med storetene:-)

Framme i Orlando. Sjekka inn på Caribbean Beach hotel. Eit av Disney sine. Veldig fint hotell eigentleg. Idyllisk og rolig. Og første kvelden såg vi faktisk litt av fyrverkeriet i Epcot frå verandaen:-) (Ikkje at det viser så mykje fyrverkeriet på biletet då men... )

Ole Andreas, Anita, Trude og eg i Universal Studios Orlando. Fekk sett litt diverse, og faktisk teke Mummy riden. Eg er imponert over at de faktisk vart med, folkens :-)

Etter kvart køyrde vi opp til Wilmington, byen der dei spelar inn One Tree Hill. Der naut vi ein særs bra middag på restaurant på brygga. Og brukte sjølvsagt tida på å ta bilete medan vi venta på maten...

På parkeringsplassen fann vi gratis internett, så fekk sjekka ut adressene til diverse One Tree Hill stadar, så tok vi sightseeing touren etterpå :p

Vel framme i Washington, DC på 4.juli, nasjonaldagen til USA, for dei som ikkje måtte vite det. Der såg vi på ein lang lang parade, med mykje fargerike folk, og eg fekk leika meg litt med fargefunksjonen på kameraet mitt!

Happy 4th of July!!

Ut på dagen fekk eg nyss om at sjølvaste Barrack Obama skulle vise seg på Capitol Hill, der det var storkonsert på kvelden. Vi møtte sjølvsagt opp. Og augneblinken kom. Slik såg det ut. Videoopptak frå det Kvite Hus faktisk. Kunne ikkje ha vore meir skuffa. Menmen... Fekk i alle fall sett både Aretha Franklin, Barry Manilow, Natasha Bedingfield og figurane frå Sesame Street då :-)

Final Destination var New York City. Der tok vi inn på Hilton Hotel. Som by the way var ganske så flott! Og slik var utsikta frå vårt rom i 53.etasje (eller noko slikt)

Sidan eg har så mange bilete frå New York frå før av, så tok eg masse usaklege bilete. Mellom anna av M & M butikken på Times Square.

Vi fekk sett det meste i New York. Eit par timar på turistbuss gjer sitt. I tillegg tok vi turen innom Central Park, så Anita fekk mata litt ender. Eller var det ekorn kanskje? Koslig var det i alle høve.

Eg fekk også lagt på to statar til lista mi over dei eg har vore innom, Delaware og New Jersey. Så då har eg 19. Ikkje så grusomt mange igjen... hehe...


Ellers trur eg vi alle var samde om at det var ein gild tur. Slitne og trøtte vart vi vel, men er det ikkje det ein har ferie for? :-)


Hadde berre kvar dag vore ein dag utan jobb, seier no eg...
That´s it folks!

See Yah!

Graduation!

Hei igjen.

Eg kom akkurat på at eg ikkje har lagt ut noko bilete frå då eg hadde Graduation på Disney International Program:-) Det var faktisk den dagen Anita og dei kom bortover. Så tok turen innom graduation, for så å køyre vidare å plukke opp besøket.

Sjefen sjøl var sjølvsagt på plass :-)

Og vi fekk karikaturteikningar av oss sjølve. Ganske kul faktisk :-)
USA og Norge, hand i hand. Hehe...
Graduation hatten vår. Sjølvsagt med Mikke mus øyrer!

Den norske gjengen samla!

Opplegget for graduation var på eit av Disney hotella. Der dei samla alle som skal slutte i Disney dei neste vekene og månadane, omlag 500 pers. For storslått buffet frokost, talar, bilete med Mikke og Minni, samt karikaturteikningar. Koseleg :-)



"Du skal faktisk ikkje undervurdere ei lita mus"

søndag 21. juni 2009

Snart ferie :D

Då nærmar det seg ferie. Og eg er jammen meg klar, det skal eg ha sagt. Berre fire dagar igjen på jobb, så ber det til Miami fyrst, og plukke opp Anita, Ole Andreas og Trude:-)

I tillegg har eg funne ut at eg har 47 dagar igjen som ansatt i Disney. Og berre 26 av desse er faktiske jobbdagar, så dette vert bra! Må berre finne meg ein flybillett heim ein av dei første dagane etter eg er ferdig... så om nokon har noko bra pristilbud, så køyr på! 5.august er siste jobbdag:-)

Elles skjer det fint lite her borte om dagen. Det går i jobb (i massevis), øving til Encore! konserten:D og ein smule trening... :-)

søndag 7. juni 2009

Tilbake frå dykking...

Må vel seie at eg overlevde dykkinga på West Palm Beach. Hehe... Så Anita, du får nok framleis rabatten din på Disney hotellet :-)

Eg fann meg ikkje noko godt undervatnskamera. For vi var nede på 50 fot på første dykket, og på 60 fot på det andre, så det var ingen kamera som ville gå så langt ned. Difor har eg, som så ivrig fotograf eg er, eit bilete frå heile turen, og det er dette:

Ein ser i alle fall utsikta frå der vi satt og venta på at alle skulle få lasta ombord utstyret sitt. Du ser så vidt også båten vi kaurde ut med, på venstre sida. Den kvite med litt raudt på.

Uansett, så var det ein fantastisk tur. Veldig mykje bølger og straum opp på overflata, men nede i vatnet så var det berre ein svak straum, så vi berre kunne følge den framover.

Var ein del fisk å sjå på turen, visstnok eit par sjeldne også. Men det kan ikkje eg så mykje om, så berre naut synet eg:-) I tillegg såg vi også ei fantastisk stor havskilpadde. Aldri sett noko så stort før trur eg. Hadde vi berre hatt undervatnskamera....

fredag 5. juni 2009

Fri fri fri!! :-)

Endeleg står mine to fridagar for døra. Fantastisk. Eg er i grunnen ferdig med den første då. Men har i alle fall ein til å sjå fram til! Dei siste vekene har eg nemleg berre hatt ein fridag i veka, og slik er det visst også frå og med neste veke, så får nyte det medan eg kan:-)

Uansett, så skal eg og Hege, som eg jobbar saman med, på dykketur i morgon.
http://www.scubaquestusa.com/charters/cortez-florida-dive-charters/
Nesten nede ved West Palm Beach er det snakk om, og det skal visst vere veldig bra. Så i dag har eg vore og brukt litt altfor mykje pengar på ABC utstyr (maske, snorkel og symjeføter). Eg har no i grunnen alt dette heime i Noreg, men hjelp ikkje så mykje når det er her eg skal dykke. Så no har eg to sett, så får bytte litt på. hehe...

Vi tok også turen innom Hollywood Studios i dag. (gamle MGM). Der var det ein del folk. Men vi fekk likevel teke både Tower of Terror og Rockin Rollercoaster utan dei lengste ventetidene. Og eg står framleis på mitt, dette må vere dei to beste ridane i Walt Disney World.

Det var Star Wars Weekends i Hollywood Studios. Det betyr at det er veldig mange særs spesielle folk å kike på i parken. Som har kledd seg ut som sine Star Wars heltar, og har rollespel rundt omkring.

Tydeligvis to Star Wars figurar. Men eg som ikkje har sett så mykje på desse filmane, har ikkje peiling på kva dei heiter... :p


Regnet kom sjølvsagt, som vanleg. Så då må kjøp av regnponcho til.

Minni Mus i Star Wars kostyme.

Ombord i Hollywood Tower of Terror. Eg og Hege i midten til høgre. Eg held på å skulle prøve å ta eit bilete, så det ser jo smart ut. Hehe...


Fancy middagsmenyar har dei. Mc Steamy Chicken Curry. Har ikkje smakt den, men er sikkert god. Eg gjekk heller for ein Ugly Betty Cheeseburger denne gongen:-)

Og sjølvsagt står Desperate Housewives for desserten...


Kvelden på min fridag nummer 1 har eg brukt til slækking, avslapping og halvsløving på sofaen med sesong 3 av One Tree Hill på fjernsynet. Kos kos kos :-)

No skal eg ta forholdsvis tidleg kveld, så eg er frisk og rask til morgondagens dykk. Eller faktisk TO dykk. Det ser eg verkeleg fram til. Har ikkje vore under vatnet sidan mitt siste dykk på Festøya eit par dagar før eg reiste til USA.

Bilete frå dagens festivitetar kjem i morgon, tenkjer eg. Skal også prøve å finne meg eit undervatns-eingongskamera, så eg kan fotografere litt kvalar og haiar og skilpadder og alt det andre som me måtte finne på havets djup :-)

Snakkast
Sjåast
eller
Høyrast!

tirsdag 2. juni 2009

God sommar!

Hei igjen.

Igjen har det vorte ei stund sidan sist. Var vel rundt 17.mai. Hehe.
No har det vorte juni. Heilt utruleg eigentleg. Tida går altfor fort. Sånn sett vekk i frå når eg er på jobb då. Då går den så altfor sakte. Hadde det ikkje vore for at eg kom med på det koret i sommar, så hadde eg nok reist heim til norsk sommar, skal ikkje legge skjul på det...

Men når eg likevel er her, skal eg få det beste ut av den. Så då køyrer eg leigebil. Hehe... Slik ser den ut :

Og grunnen til at eg køyrer den, og ikkje den gamle, er at den gamle gav seg på å fungere. Den stoppa liksågodt midt på highwayen den. Og der sto den. Heilt til den vart taua av junkyarden.
Slik såg forøvrig den gamle bilen ut :

Og begge bilane saman:p :


Det var på veg til basketball kamp at bilen stoppa, men med hjelp frå Katie, kom eg meg dit likevel.

Katie, meg og Tiffany på kamp...

Meg og Katie på kamp nr 2. Det er nemleg NBA sluttspel her borte for tida. Og sidan vi er ivrige Orlando Magic tilhengarar, jubla vi då dei slo ut Boston Celtics og Cleveland Cavaliers. No ventar LA Lakers i finalen, tidenes kamp. Eller kampar. Best av sju er det. Så av fire kampar i LA og tre i Orlando, skal vi i alle fall få med oss to av Orlando kampane. Der vert det stemning.

Dwight Howard skyt inn to straffekast for Orlando Magic.
Go MAGIC!! :D

søndag 17. mai 2009

17.mai 2009!

Syttande mai, er vi så glad i!!! :D

Gratulerer med dagen!
Her i Orlando har det vore ein kjempedag. Sol, varmt og god stemning både blant ansatte og gjestar i Disney, og barnetoget på Karl Johan på nett tv. Bedre kan det vel ikkje verte. Sett vekk i frå å feire heime i Noreg sjølvsagt...


I traileren backstage i Epcot fekk vi norsk mat, og diverse giveaways... Koseleg.

Frukost i restauranten. Og då høyrer sjølvsagt eit bilete med Belle heime...

Samla ute i den norske paviljongen, i mange ulike klesdrakter.

Paviljongen var pynta med flagg og friske grøntplanter...
På med bunaden og på jobb... Men i grunnen koselig å jobbe på kvelden i restauranten. Mykje nordmenn var det i alle fall..

Håpar alle koste seg der heime, og alle andre stadar.

I´ll be back!

Btw...

Og sånn forresten by the way... Eg fekk resultata mine frå min aller første audition her om dagen. Og eg kom med i koret! I am so excited!! :D
Så no er det berre å sette turen til Florida og Disney i juli, for 23. 24. og 25.juli står eg på scena med Encore Cast Choir sin "Revolution" konsert:D

Gratulerer kjære moderland!

Gratulerer med dagen, alle nordmenn her og der og alle stadar. I dag er den store dagen. Eller akkurat no i Orlando er det ca midt på natta. Men likevel. Den etterlengta 17.mai er her:-) Fantastisk! Etter at eg har sove nokre timar no, er det rett på feiring av nasjonaldagen, sjølv om den ikkje vert heilt som vanleg i år.

I morgon tidleg startar vi med frukost i den norske restauranten i Epcot, (der vi då forøvrig også jobbar, for dei som ikkje visste det). Så ber det rett til "parader" i paviljongen, der rykta seier at det skal vere bunadskledde småjenter og hestar med vogn. Eg trur det ikkje før eg ser det eigentleg. Men at paviljongen nok er kledd i raudt og kvitt og blått til den store gullmedalje, er nok meir sanning i. For pynting er noko dei satsar stort på her borte i det store utland.

Vi skal visst også få servert norsk mat av Disney på ettermiddagen, så kan verte spanande å sjå kva dei byr på. Før det er jobbing som står på programmet på kvelden. Så reknar med dagen vert så fin så :-)

Ynskjer alle og einkvar ein riktig god 17.mai! Kvar enn i verda de måtte halde til!


"Eg veit kvar livet er verdt å leva, jau utan tvil, her i bygda vår"
Gler meg allereie til neste år. Er ikkje tvil om at då skal 17.mai feirast i heimbygda:-)

tirsdag 5. mai 2009

Sidan sist...

Eg føler igjen at eg er litt slapp på oppdateringane her. Men det er vel kanskje fordi eg ikkje har så mykje å fortelje, tenkjer eg.
Sidan sist eg var innom har eg hatt meg ein tur på stranda, på Clearwater beach saman med Katie, og Jeremy, ein kompis av ho som var på besøk. Det var ein finfin tur faktisk. Strålande sol, og varmt i vatnet, og ikkje vart vi solbrende i det heile, så alt i alt ein vellukka tur, må eg seie!



So må eg sjølvsagt også nemne Beach Boys!! Dei hadde nemlig konsert her i Orlando på laurdag, og eg måtte då sjølvsagt på den. Eg trur Beach Boys var den fyrste konserten eg nokon gong var på då eg var lita, og fekk vere med storesyster, storebror og pappa på konsert i Skien. Svære greier. Så då tenkte eg, at ein ny konsert var på sin plass, sånn 15 år seinare, eller noko i den dur. Men det skal seiast, dei er "still going strong" dei gutta. Sjølv om det vel ikkje er så mange igjen. Men stemning var det. Med alle dei store hitane, både gamle, eldgamle og nye:-)

"Aruba, Jamaica, oooh I wanna take you..!" :p



Tenkte også at eg skulle legge inn litt random bilete som eg ikkje har fått med tidlegare... Enjoy!

Traff på Mayor Clayton når eg var på Give Kids The World Village for å jobbe. Og då var det Volunteer Appreciation Week, så vi måtte alle ta bilete med sjefen sjølv :-)

Eg og Katie traff på Ms Merry, kona til Mayor Clayton, då vi var å åt lunsj på nyåpna Sweet Tomatoes på Crossroads. Ms Merry er ho eg vanlegvis "kler meg ut som", når eg er på Give Kids The World:-)

Så var vi ein kveld på I-Drive, Funspot eller noko slikt. Og tok ein høgtsvingane versjon av Sverre på Tusenfryd :p

Så høgt svevar den... Fin utsikt over det meste av Orlando!
Og her er bilete av Katie sine to skjønne hundar, Penzi framme og Dallas bak. Nusselige er dei begge to.

torsdag 30. april 2009

Så har eg prøvd det og...

I går var eg på min første audition nokon sinne. Skummelt? Ja! Men faktisk ganske so artig alt i alt. Hadde litt følelsen av å vere med på American Idol eller noko slikt. Hehe...
Kan vel kanskje forklare kva det var eg var på audition for. Det var Encore!, som er eit kor beståande av folk som jobbar i Disney, og som har konsertar ein gong i året, til inntekt til ei god sak. Årets konsertar går føre seg i slutten av juli, og det var difor no audition for alle interesserte. Var vel ein 150 håpefulle frammøtte på min auditiondag, som var ein av fem dagar, så sei seg sjølv at dette er eit populært innslag :-) Eg tenkte eg skulle prøve meg på dette, mest fordi det virka artig, men også berre på gøy for å ha prøvd det også. Hehe....

Eg har som sagt aldri vore på ein audition i mitt liv, så det var ein ganske skremande tanke, etter alle Idol auditionane eg har sett på fjernsynet. Og det var virkelig Idol eg hadde kjensla av å vere med på når eg møtte fram. Med mykje venting og startnummer på brystet. Men då det endeleg var min tur, så var det faktisk ikkje så ille. Eg hadde bestemt meg for å synge ein norsk song, norsk som eg er. Og valte då pappa si Vise til Dravlausbygda, for å vere litt original:-) Eg måtte også synge When You Wish Upon A Star, med pianoakkopagnement. Så slett ikkje skummelt alt tatt i betraktning. Men får vise seg om ei vekes tid om det var bra nok for Disney :-) Spent er eg i alle høve...

mandag 20. april 2009

Helga... Over igjen...

Så var det arbeidsstart igjen. Alltid like kjekt. Men eg har hatt ei forholdsvis innhaldsrik helg då i alle fall:-)

Planen var å starte fridagane mine med ein tur på stranda, saman med Katie og Merete. Men det gjekk ikkje heilt som planlagt. Katie hadde problem med telefonen, så vi måtte på Apple Store og fikse den. Så då vart turen på stranda plutselig tur til Mall at Millennia i staden. Ikkje at det er meg i mot egentlig:-) Vart ikkje store shoppinga, men fekk gjennomført dagens, eller vekas, alt ettersom, gode gjerning. Starbucks hadde nemlig "Kjøp eit pound kaffe til dei amerikanske troppane, og få ein kopp kaffe til deg sjølv". Vi følte kallet, og enda opp med kaffe for 15 dollar til militærgutta, i staden for ein kaffekopp til 4 dollar. Menmen. Må vere litt veldedige av og til vel?

Vidare følte vi for å bruke litt meir pengar, så vi tok oss ein aldri så liten køyretur til Tampa, og til Hard Rock Casino. Var ikkje den heilt store investeringa det, i alle fall ikkje for min del, som enda opp med ein voucher på 0,04 dollar til slutt. Men artig var det då:-)

Gårsdagen starta med kinobesøk, og "17 again". Søt film i grunn. Litt High School Musical wannabe film, men absolutt verdt å sjå. Er vel ikkje så mange tenåringsjenter som har noko imot at det er Zac Efron som har hovudrolla heller, tenkjer eg.

Så tok vi turen til Universal Studios, og årets avslutning av Mardi Gras. Nelly sto på programmet her, så vi stilte oss i kø, berre seks timar før konserten starta. Men førebudde var vi, med spel og kort og god stemning, så det var i grunn ikkje så ille.




Den kulaste delen av konserten, var då Nelly ville ha opp publikummarar på scena. Venninna til Katie, som eg dro saman med, er kjempefan, så etter mykje hyling og veiving med armar, fekk vi sendt ho opp, så ho fekk synge på scena. Videoen ligg på Facebook sida mi, og på Youtube. Absolutt verdt å kike på :-)

Det var vel mi amerikanske helg. Her startar veka på søndag, så i dag var første jobbdagen min. Alltid den beste dagen i veka:p

Anyways, sjåast rundtomkring. God natt.

mandag 13. april 2009

Påske...

Der var plutselig påska over. Rart med det. Påske er i grunn ikkje så stort her borte i det store utland det. Litt fleire folk i Disney parkane kanskje. Men thats about it.

Har hatt ein fridag dei siste to vekene. På laurdag. Dagen før den einaste dagen som amerikanarane faktisk kallar påske. Og den brukte eg til å jobbe frivillig. På Give Kids The World. Men var artig det. Vi var på eit lokalt kjøpesenter og tok bilete med ungane mot donasjonar. Med Mayor Clayton og Ms Merry sjølvsagt :-)

Dei glade kaniner :-)

Elles har det gått i jobbing.

Og så må det vel kanskje nemnast at eg har klart å melde meg på audition på ein Disney konsert. Det kan verte liv. Eg som aldri i mitt liv har vore på ein audition. Men ein gong må vel vere den første. Trur det er om eit par veker. Så tida får vise :p

Og by the way! Til alle eventuelle kanarifans der ute... I dag trampa vi på dykk. Hardt å brutalt. Det er berre å venne seg til det. Vålerenga is back in business :-)


Dagens visdomsord:
ÆRE VÆRE VÅLERENGA!

torsdag 2. april 2009

Statane mine...

No har eg, etter nøye gjennomrekning, fått med meg 16 statar her borte. Det er forsåvidt ein start. Men det også forsåvidt 34 igjen før eg har nådd målet mitt. Hehe. Eg får sette i gong med planlegginga av neste roadtrip. Sånn FYI :-)

Elles går no dagane med til jobb då. Må ta igjen det tapte sidan eg hadde fri førre veke. Livet er hardt ja :p

mandag 30. mars 2009

Fem dagar, åtte statar, 6000++ km....


Då har vi kome oss trygt heim. Tilbake til good old Orlando, og Disney og alt det andre. Saknar allereie "the real world". Menmen... Vi fann ut at vi har lagt bak oss vel 6000 km i løpet av dei fem siste dagane. Det er i grunnen litt langt.. Men artig har det vore.

Siste byen vi var innom, i går og i forgårs, var New Orleans. Ein av USA sine mest heimsøkte byar. Og då måtte vi sjølvsagt på spøkelsesferd.

Spøkelsestourguiden vår, Jonathan.

Måtte sjølvsagt ta bilete av det mest heimsøkte huset i byen.

På ferjetur med utsikt over New Orleans skyline!

Reine vatnet i Mississippi river. Og skuggane til henholdsvis to random uteliggjarar og meg og Merete.
Det kulaste opningstid skiltet eg har sett på lenge. Vi har ope når vi føler for det rett og slett.

Det var vel det vi hadde av bilete for denne gong.

Vi konkluderar med ein flott tur, og har fått med oss åtte statar, Georgia, Tennessee, Alabama, Mississippi, Arkansas, Oklahoma, Texas og Louisiana.


"Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur"

See y`all!