mandag 29. mars 2010

Du store min som tiden flyr...

... nå er det tid for eventyr! Med Mummi, Sniff og alle vennene, ja dette blir nok spennende! Her kommer MUMMI! :-)

Ja, eg skal innrømme det. Eg har Mummi på hjerna for tida. Ikkje berre er det vesle trollet ufattelig søt og sjarmerande, men vi er jaggu på Noregsturne saman også. Eg og Mummi og magasinet Mamma, aka Frk. Rafaelsen.

For øyeblikket befinn vi oss i Arendal. The place to be! Men vi er her i grunn berre for å overnatte. For vi var her nemlig for to dagar sidan og, på kjøpesenteret, som ein del i superturneen vår:-)
Får vel også nevne (for dei av dykk som måtte vere spesielt interesserte) at vi har vore innom både Husnes, Madla, Strømmen, Moss, Gran og Bø på veien. I tillegg til at vi skal innom mellom anna Kongsberg, Åkrehamn, Stord, Lørenskog, Gaupne, og ikkje minst Ørsta!! Yes, I am excited!

Tenkte eg skulle køyre ut nokre bilder frå turneen her. Men så kom eg på at eg ikkje har teke nokon av interesse. Så får ta nokre, så blir det ordnings.

No tek eg heller kvelden, så auf wiedersehen!

fredag 12. mars 2010

Home sweet home!

Det er lenge sidan ferie. Og det er lenge sidan USA. Og det er i alle fall lenge sidan eg var innom her sist. Så fann ut det var på tide.

Eg har no kome meg trygt over fjorden igjen, tilbake i Noregs land. Så no ser eg atter slike fjell og fjordar :p

Eg har kjøpt meg ei leiligheit, i Oslo, nærare bestemt sånn ca akkurat på Valle Hovin. Sånn passe fint tilrettelagt så eg kan sjå ned på Valle Hovin frå takterassen min når det er konsertar :-)
Får legge ut litt bilete etterkvart:-)
Og kanskje litt fleire blogginnlegg også :P

Ha i alle høve ei riktig god helg!