lørdag 22. november 2008

Hurra, hei og hopp!

Orlando, Orlando, Orlando. Kva skal ein seie. Forsåvidt fint å vere tilbake på ein måte. Men på ein måte litt kjedelig også... Ikkje meir frisk luft, ikkje meir norsk mat, eller norsk fjernsyn, og tur oppi skauen med Anita og Anja... hehe.. på ei stund hvertfall! :p

I går var eg faktisk på golfbana ein tur. Fantastisk. For å gjere ei lang historie kort: Eg sug i golf. Men ver du sikker, dette skal eg lære meg. Tenk å suse rundt i ein golfbil, og slå litt på ein ball, og nyte sola? Digg:-) Eg og Veronica tok oss ein times tid på "driving rangen", og fekk testa litt slagkraft, men det vart ikkje det heilt store. Vi vart litt leide for å seie det slik. Så vi lånte oss ein golfbil og oppsøkte Taran, golfproffen vår, som var ute på den ordntlige bana og spelte. Det var forsåvidt ikkje så spennande det heller. Det artigaste var vel eigentleg å køyre golfbil :D
Men tenkjer det vert bra når vi har lært oss det skikkelig. Blir vel PGA tour neste, eller kva det no heiter...

Var også å kika på eit par bilar i går. Ikkje at eg har råd. Og i alle fall ikkje til dei vi såg på der. 10.000 dollar og oppover var klassa, og det passar vel ikkje akkurat lommeboka mi :P
I alle fall ikkje før eg vert servitør:p


Auf wiedersehen!

fredag 14. november 2008

Home again...

Framme på destinasjon "liksom heim", Orlando, Florida. 32 timar etter eg starta frå Løvikja. Ikkje at flya var noko forsinka eller noko slikt. Nei det som tok tid, når eg endeleg landa på Orlando International, var å kome seg derifrå. Då eg var i Amsterdam, ringde eg nemlig Holiday autos og bestilte meg ein leigebil frå Orlando. Det eg ikkje tenkte på då, var at eg får tilsendt ein voucher på epost, som då må skrivast ut og leverast på leigebilkontoret. Så først sto eg sjølvsagt ein halv time i kø, for berre å få vite at eg måtte kome tilbake med voucheren, før eg leita rundt halve Orlando International etter ein printer. Var forsåvidt ikkje så vanskelig å finne ein printer i seg sjølv, men ein eg kunne bruke derimot, var verre. Men, fann til slutt eit business center på eit hotell, så det ordna seg. Så då kunne eg gå tilbake til køa ved leigebilkontoret, som no berre var ein 20 minutts tid. Alltid kjekt å stå i kø:-)

Då eg endelig fekk sjekka ut bilen, fekk eg gledeleg melding om at eg berre kunne gå i garasjen, og velje mellom alle bilane som sto på høgre side. Yeah! Valgfriheit! :D Men, kortvarig glede. På heile den store lange høgresida, sto det nemlig heile 1 bil. Fantastisk! Menmen, eg skal nok overleve. Ein kvit sportsbil av eit slag. Trur kanskje det var Pontiac...

No er det vel berre å kome seg til sengs. Med jetlag og sliktno, skal ein opp klokka seks i morgon tidleg, for å fare på jobb. Som eg kanskje egentlig ikkje treng, sidan dei har oppdatert schedulen min, og tatt vekk vakta mi. Av ein eller annan merkelig grunn. Men tør ikkje satse på at det stemmer, så møter opp likevel...

God natt, sov godt!

Ting tek tid...

Det er no 26 timar sidan eg reiste frå Løvikja, og eg har framleis berre kome meg til Washington. Ting tek altså litt tid her i verda:-) Menmen, det er no forsåvidt greitt å vere ute på reise.
Starta i går kveld med at Anita, Ole Andreas og Anja var så vene og køyrde meg til Folkestad, der nattbussen til Gardermoen venta. Me fekk sjølvsagt ein gamal buss, sidan den som eigentleg skulle køyre, hadde fått motorhavari. Men godt at den fekk det på førehand seier no eg:-) Fekk ikkje god plass til meg sjølv denne gongen heller, men det gjekk i grunnen bra. Stappfull buss, ein haug med polakkar som var ute på tur. Ikkje veit eg kvar dei skulle, og ikkje bryr eg meg så veldig heller. Veit ikkje kva det har med saka å gjere heller for den del:-)

Uansett, kom til Gardermoen ca ein halv time etter skjema i dag tidleg, sånn omlag halv sju. Flyet mitt til Amsterdam gjekk 0745, så hadde forsåvidt god nok tid! Fekk til og med kjøpt med litt norsk sjokolade til amerikanarane borti det store utland.
Så flaug me til Amsterdam, og vidare til Washington, der eg er no. Flyselskapet var United Airlines, heilt greitt. I og med at eg fekk ein Economy Plus plass, så skal eg vel ikkje klage. Fekk til og med sett nokre filmar denne gongen, i motsetning til når eg flaug med Lufthansa, som ikkje har slik service :p
Såg på Wall E og to andre som eg ikkje huskar navnet på. Ikkje så veldig gode i grunn. Den fjerde filmen derimot, "Step Brothers" var litt kul. Men den byrja sjølvsagt ein time før innflyging, så fekk sett berre halve. Sånn kan det gikk.

No ropar og ropar dei på business class folka som skal boarde her. Skulle egentlig berre heve meg med dei, det hadde vore noke:-) Men det er vel snart klart for "seating area 4" også. Eg skal til 21C, så må vente til slutt nesten... hehe.. men eg får logge av og gjere meg klar.

Sayonara! I mangel på andre fancy ord å avslutte med...

onsdag 12. november 2008

Bach og Mozart og alle dei andre....

Som dei fleste vel veit, så held Anita på med musikkteori, og har studieveke denne veka. Det er sikkert spennande det, om ein veit kva ein pratar om. Det gjer ikkje eg. Så vart artigt når eg skulle teste Anita sin kunnskap med teorispørsmåla. Ikkje kan eg uttale navna, ikkje kan eg uttale stilartane, og ikkje kan eg uttale det meste av det italienske, tyske og franske, eller kva land dei no må vere frå, dei komponistane. Klassisk musikk har vi i alle fall fått høyrt mykje av denne veka her heime:-) Men det er sikkert bra for meg. Satsar på det!

I morgon skal eg reise igjen. Fristar egentlig å droppe det, men har vel ikkje stort val. Det vil då seie eg bør pakke kofferten. Noko som heller ikkje fristar. Men slikt må gjerast. Viss ikkje får eg ikkje med meg verken den norske maten, den amerikanske playstationen som eg la igjen her heime sist, eller alt det andre som eg har sakna borte dei store amerikanske statane.
Får vel berre gå å byrje med pakkinga:-)

Auf wiedersehen!

mandag 10. november 2008

Home, sweet home!

Tilbake i Noreg. Digg:-)
Og ikkje mindre digg når Vålerenga vart NORGESMEISTERAR i går :D Gratulerer så mykje. Det var ein fantastisk kamp å sjå på. Spesielt når det var Stabæk som måtte sjå seg slått. 4-1 til oss, fantastisk! Var også sjølvsagt på Cupfinalefesten på Youngstorget på laurdag kveld. Og der var det livleg. God stemning!

I natt tok eg nattbussen heim til Sunnmøre. Trudde det skulle verte ein flott tur, sette meg godt tilrette på dei to seta eg klarte å finne ledige, og var klar for ti timar å breie meg ut på. Men før eg visste ordet av det, før Gardermoen ein gong, kom det sjølvsagt gåande ein gamal mann. Han gjekk fram og tilbake i bussen uten å finne ut kvar han hadde lyst å sitte, før han med eitt fann ut at han skulle sitte med meg. "Eg set meg her eg", sa han. Og ikkje nok med det, men på setet låg det ein banan. Som han då sette seg på. Og ei flaske cola, som han reiv ned på golvet i same slengen. Og før eg fekk teke vekk alt styret mitt, så sat han på det også. Glimrande. Det gjorde dagen min så mykje betre. Menmen, kunne ikkje øydelegge den likevel. Vålerenga vart nemlig NORGESMEISTERAR!!! :D

På Folkestad gjekk eg i alle fall av bussen, og vart møtt av ei lettare forvirra Anja, og Anita, som gjekk med på å hente meg viss ho fekk ein amerikansk potetgull. Grei deal det :-)
Men trur ikkje Anja var så glad i ferjekaia på Folkestad. Bråkande ferje, mykje bilar, og ikkje minst sidan eg hadde meg meg TO trillekoffertar. Det er ho visst ikkje noko glad i i det heile tatt.
Men me kom oss heim til slutt. Så no sit me og ser på Anita sin høgskulekor konsert. Stemning.

Snakkast!

søndag 2. november 2008

Bilær og båtær....

Ikkje at det har noko med saka og gjer. Men syns det er like morsomt med dei bilane og båtane kvar gong... :p
Har forresten leigt meg ny bil denne veka her. Tenkte at det måtte til, i og med at eg må shoppe ferdig alt av julegåver og sliktno.

I går gjekk turen til World of Disney i Downtown Disney, og der har dei i grunnen stort sett det meste, så fekk handla ein del der. Og når eg i tillegg i dag var innom Epcot ein tur etter jobb, så byrjar eg vel å nærme meg. I alle fall når det gjeld dei som skal ha Disney julegåver:-)
Var også på Pet Supermarket i dag. Ikkje reint lite dyrestæsj der. Fann jammen nokre julegåver på den butikken også, så skal vel ikkje sjå vekk frå at eg får litt plassproblem i kofferten på veg heim. Men men... Jul er det berre ein gong i året. Og det er forsåvidt snart:-)

Sett vekk frå det, så er det særs lite å fortelje her bortanifrå. Halloween er "endeleg" snart overstått. Det har vel vart omlag to månader, så kan seie eg byrjar å verte litt smålei. Men fekk med meg eit par halloween parties i alle fall. Utkledd som High School Musical cheerleader of course :p

Og sånn går nu dagan. No er det mat shopping. Veldig greitt å ha bil må eg seie... Og sleppe å bruke 3 timar på ein tur på Walmart.

Me Høyrast!

Sayonaaara!