onsdag 28. januar 2009

No er det jaggu meg på tide med updates!

ROADTRIP! Begynne å verte nokre dagar, om ikkje ei veke eller to, sidan eg var på roadtrip. Men har då ikkje lagt ut noko derifrå, så då er det vel på tide. Som nokre av dykk kanskje har fått med seg, så har eg sett meg eit aldri så lite mål om å få sett alle statane i USA. Slikt tek tid, men eg starta prosjektet med ein roadtrip. 3 dagar (pluss nokre timar dagen før:p), 3000 km, 7 statar. Litt av ein heisatur, men artig var det. Dei som sette ut på tur, var meg sjølv som sjåfør, og Camilla frå Harstad som passasjer. Og vi sette ut med Washington DC som hovudmål.


Første stopp vart byen Savannah, i GEORGIA, stat nummer 1 (i tillegg til FLORIDA sjølvsagt). Dette skal visst vere den mest heimsøkte byen i USA, men koslig var den. Biletet er av "The Book Shop" (Trur det var det den heite), som er den mest heimsøkte bygninga i den mest heimsøkte byen. Creepy. Fekk faktisk frysningar berre av å gå inn der, og det var før eg fekk vite om all heimsøkinga... :p

Framleis i Savannah. Nede på havna var det nemlig ein koslig karamell butikk. Der til og med duene vandra fritt inne. Riktig så koslig ja :-)

"The Waving girl" i Savannah. Ei jente og hennar trufaste Collie, som visstnok skal ha brukt å stå å ynskje alle innkomande skip velkomne. Søtt :-)

Solnedgong i det vi køyrer inn i stat nr 2, SOUTH CAROLINA, og til byen Charleston.

Det var vel stort sett det vi såg av Charleston. Skal visst vere ein veldig fin by, men vi fann ikkje noko særlig spennande akkurat når vi var der, så bestemte oss for å ta eit par bilete, og køyre vidare.

For dei som har sett "The Notebook", så er denne kinoen derifrå. Charleston dette og.

Stat nr 3, NORTH CAROLINA, og byen Wilmington. Høgdepunktet på Camilla si reise i alle fall. Det er her One Tree Hill spelast inn, så vi var vel innom stort sett alle plassar som visast i serien. Her frå basketballbana nede ved elva, River Court. Det var tydelig mange One Tree Hill fans som hadde vore innom, for det sto skreve navn overalt, og "I love OTH"... and stuff like that :-)

USS North Carolina. Stort krigsskip. Og veldig mykje spanande å sjå inne. Vi tok nemlig ein liten "tour" på innsida.
Skilt utanfor båten... :p
På vei vidare oppover landet. Litt skiftande ver...

Som plutselig bestemte seg for å vere bra...Framme i Washington DC :-) Hovudmålet. Fann meg sjølvsagt ei flott NASA jakke inne på Air and Space museum! Ikkje at eg kjøpte den, men måtte berre prøve :P

Plutselig laga bilen veldig rare lydar, Og når vi gjekk ut for å sjekke, fann vi faktisk denne. Ein aldri så liten palmegrein...
Solnedgong. LIka det eg :-)
Eit must, Capitol Hill. Det kvite hus kom vi ikkje så nærme, så det var ikkje så spanande.

Og sjølvsagt, bilete med dei tøffe Secret Service gutta utanfor det Kvite Hus.


That´s about it. Fleire bilete har eg sjølvsagt. Men det får vente :-)

onsdag 7. januar 2009

Litt bilete frå St Augustine:-)

Her kjem litt forseinka bilete frå turen vi hadde til St. Augustine i førre veke. Eg er i skrivande stund i Savannah, Georgia, ute på roadtrip. Så kjem meir herifrå etterkvart. Satsar på å bevege oss oppover mot Washington, DC.


Litt kunst:-) Ei vakker lita palme som sto i vegkanten og berre venta på å verte teke bilete av... :-)

Trur dette må vere det kulaste skiltet eg har sett. Det var til salgs inne på ein veldig stilig katte elskar butikk. Angrar litt på at eg ikkje kjøpte dette...
Festninga i St. Augstine. Nesten litt som Akershus festning..
Ei søt skikkelig gamaldags kaffisjappe..
Solnedgong over festninga.
I alle fall skiltet til "The Oldest House". Det var stengt, så fekk ikkje teke nokre bilete inne. Og sidan vi berre køyrde forbi, så rakk eg heller ikkje å ta bilete av heile huset :-)
Mest fotograferte gata i byen. Idyllisk må eg seie. Magnolia street. Med masse sånne tre som eg berre ikkje hugsar namnet på.
Vi var i alle fall utanfor Fountain of Youth. Gadd ikkje å gå inn, sidan det var så dyrt, og vi heller ville sjå andre ting. Men fekk teke eit bilete :P

lørdag 3. januar 2009

Slutten av dag TRE:-)

Eg har også, berre for å ha nevnt det, vore på kinomaraton i dag igjen. No var det "Twilight" og "The Curious Case of Benjamin Button" som sto på programmet. Skulle eigentleg sjå "7 pounds" og, men vi gadd ikkje meir. Første filmen var rett og slett skuffande, hadde forventa ein skummel fæl grøssar, men den tok seg aldri opp. Andre filmen har ei veldig bra historie, men dreg det ut i det aller alt for lengste. Dessverre. Einaste som trakk opp var Brad Pitt i hovudrolla :-)

Dag TO og TRE i det nye året!

Har vel hatt ein særs bra start på det nye året denne gongen. I går tok eg og Camilla turen til St.Augustine. For dei som vurderer å reise til Florida, bør ein ikkje tvile på å ta turen innom her. Det er ein av dei eldste byane her i landet, også kjent for å vere der europearane først "oppdaga" Amerika. Her kan du kike på utruleg mykje gamal arkitektur, mellom anna "Oldest House", "Oldest School House", "Oldest Pharmacy", festning, slott, "Fountain of Youth" og eit gamalt spansk militærsjukehus.

Vi tok den klassiske togturen rundt i byen, der vi fekk sett det meste av turistattraksjonar, og også teke ein del bilete. Dei bileta har eg dessverre ikkje fått lagt inn på maskina mi enno, men kjem til å oppdatere her etterkvart, for dei som måtte vere interessert i å sjå :-)

Vi fann også ein haug med særs interessante butikkar, mellom anna ein katte elskar butikk, ting og tang som folk har bruk for butikk, og sjapper med interiør stæsj, kle og enno meir ting og tang som folk kanskje har bruk for, men også ting som folk overhodet ikkje har bruk for. Men det som var så fint, var at heile byen hadde ei avslappa atmosfære, det fans ikkje noko Disney skilt nokon stad, og heller ikkje noko moderne kjeder. Det har heller heldt på den gamle stilen, veldig gjennomført, noko det står respekt av. Det var flust av turistar, flinke gatemusikantar på eitkvart gatehjørne, og laidback stemning:-)

Konklusjon: Hit tek eg gjerne turen fleire gongar!

Prækas!

fredag 2. januar 2009

Første nye dagen i det nye året.. eller noko slikt...

Eg gjorde ikkje så veldig mykje i går. Som var 1.januar. Men eg var på kino. Og det må eg berre seie. "Marley and me", sikkert oversatt til "Marley og meg" på norsk, er ein fantastisk film. Handlar om ein mann og han sitt forhold til hunden sin, ein "adorable", (på godt norsk), Labrador. Og det gjer no ikkje akkurat saka noko dårlegare at det er Owen Wilson og Jennifer Aniston som har hovudrollene. Sjå den!

Marley and me heimeside

Når vi først hadde kome oss på kino i går, så kunne vi like gjerne sjå ein til, så då såg vi "Yes Man". Og ja, den var morosam. Ikkje anna å forvente av Jim Carrey i hovudrolla. Men sjå den også! Verdt eit kinobesøk. Vi var faktisk så gira at vi såg den sjølv om det var fullt i salen. Satte oss i trappa, gjorde vi:-)

Yes man heimeside

torsdag 1. januar 2009

Godt nytt år Norge!



Godt nytt år! Det er 2009. Ufatteleg. Tida går altfor fort.
Nyttårsafta sto eg ikkje opp noko tidleg. Nesten berre tidsnok til å reise på jobb. Så jobba eg fram til fyrverkeriet i Epcot, som sjølvsagt var steikje bra. Den videoen eg har lagt ut her, er den norske delen. Dei markerte alle landa i Epcot med separate fyrverkeri, før ei stor felles nedtelling på slutten. Så det var vel totalt ei 35-40 minutt med samanhengande fyrverkeri. Fantastisk! Rett og slett!




Her er då vidoen frå nedtellinga og nyttårsfyrverkeriet! Sidan vi sto ute og såg på i bunad, så fekk vi berre stå rett utanfor den norske paviljongen, så vart dermed ikkje så veldig bra utsikt. Men ser no i alle fall litt då :-)




Og sjølvsagt, fyrverkeri finalen!! Happy New Year alle saman! Måtte det nye bli like bra, og endå bedre enn det gamle :-)