lørdag 3. januar 2009

Dag TO og TRE i det nye året!

Har vel hatt ein særs bra start på det nye året denne gongen. I går tok eg og Camilla turen til St.Augustine. For dei som vurderer å reise til Florida, bør ein ikkje tvile på å ta turen innom her. Det er ein av dei eldste byane her i landet, også kjent for å vere der europearane først "oppdaga" Amerika. Her kan du kike på utruleg mykje gamal arkitektur, mellom anna "Oldest House", "Oldest School House", "Oldest Pharmacy", festning, slott, "Fountain of Youth" og eit gamalt spansk militærsjukehus.

Vi tok den klassiske togturen rundt i byen, der vi fekk sett det meste av turistattraksjonar, og også teke ein del bilete. Dei bileta har eg dessverre ikkje fått lagt inn på maskina mi enno, men kjem til å oppdatere her etterkvart, for dei som måtte vere interessert i å sjå :-)

Vi fann også ein haug med særs interessante butikkar, mellom anna ein katte elskar butikk, ting og tang som folk har bruk for butikk, og sjapper med interiør stæsj, kle og enno meir ting og tang som folk kanskje har bruk for, men også ting som folk overhodet ikkje har bruk for. Men det som var så fint, var at heile byen hadde ei avslappa atmosfære, det fans ikkje noko Disney skilt nokon stad, og heller ikkje noko moderne kjeder. Det har heller heldt på den gamle stilen, veldig gjennomført, noko det står respekt av. Det var flust av turistar, flinke gatemusikantar på eitkvart gatehjørne, og laidback stemning:-)

Konklusjon: Hit tek eg gjerne turen fleire gongar!

Prækas!

Ingen kommentarer: