onsdag 28. januar 2009

No er det jaggu meg på tide med updates!

ROADTRIP! Begynne å verte nokre dagar, om ikkje ei veke eller to, sidan eg var på roadtrip. Men har då ikkje lagt ut noko derifrå, så då er det vel på tide. Som nokre av dykk kanskje har fått med seg, så har eg sett meg eit aldri så lite mål om å få sett alle statane i USA. Slikt tek tid, men eg starta prosjektet med ein roadtrip. 3 dagar (pluss nokre timar dagen før:p), 3000 km, 7 statar. Litt av ein heisatur, men artig var det. Dei som sette ut på tur, var meg sjølv som sjåfør, og Camilla frå Harstad som passasjer. Og vi sette ut med Washington DC som hovudmål.


Første stopp vart byen Savannah, i GEORGIA, stat nummer 1 (i tillegg til FLORIDA sjølvsagt). Dette skal visst vere den mest heimsøkte byen i USA, men koslig var den. Biletet er av "The Book Shop" (Trur det var det den heite), som er den mest heimsøkte bygninga i den mest heimsøkte byen. Creepy. Fekk faktisk frysningar berre av å gå inn der, og det var før eg fekk vite om all heimsøkinga... :p

Framleis i Savannah. Nede på havna var det nemlig ein koslig karamell butikk. Der til og med duene vandra fritt inne. Riktig så koslig ja :-)

"The Waving girl" i Savannah. Ei jente og hennar trufaste Collie, som visstnok skal ha brukt å stå å ynskje alle innkomande skip velkomne. Søtt :-)

Solnedgong i det vi køyrer inn i stat nr 2, SOUTH CAROLINA, og til byen Charleston.

Det var vel stort sett det vi såg av Charleston. Skal visst vere ein veldig fin by, men vi fann ikkje noko særlig spennande akkurat når vi var der, så bestemte oss for å ta eit par bilete, og køyre vidare.

For dei som har sett "The Notebook", så er denne kinoen derifrå. Charleston dette og.

Stat nr 3, NORTH CAROLINA, og byen Wilmington. Høgdepunktet på Camilla si reise i alle fall. Det er her One Tree Hill spelast inn, så vi var vel innom stort sett alle plassar som visast i serien. Her frå basketballbana nede ved elva, River Court. Det var tydelig mange One Tree Hill fans som hadde vore innom, for det sto skreve navn overalt, og "I love OTH"... and stuff like that :-)

USS North Carolina. Stort krigsskip. Og veldig mykje spanande å sjå inne. Vi tok nemlig ein liten "tour" på innsida.
Skilt utanfor båten... :p
På vei vidare oppover landet. Litt skiftande ver...

Som plutselig bestemte seg for å vere bra...Framme i Washington DC :-) Hovudmålet. Fann meg sjølvsagt ei flott NASA jakke inne på Air and Space museum! Ikkje at eg kjøpte den, men måtte berre prøve :P

Plutselig laga bilen veldig rare lydar, Og når vi gjekk ut for å sjekke, fann vi faktisk denne. Ein aldri så liten palmegrein...
Solnedgong. LIka det eg :-)
Eit must, Capitol Hill. Det kvite hus kom vi ikkje så nærme, så det var ikkje så spanande.

Og sjølvsagt, bilete med dei tøffe Secret Service gutta utanfor det Kvite Hus.


That´s about it. Fleire bilete har eg sjølvsagt. Men det får vente :-)

1 kommentar:

Anita sa...

Ditta va på tide. Ditte e ei goooooood stund sida du lovde!!

Ej he lyst å springe bortover bassenge la med d kvite hus, sånn som Forrest Gump.. Ekje d i rundt ved sida av en plass ved Huse?

Uansett, der e tydeligvis mykje interessant i USA. men hald dej unna Texas, der skjære dei folk med motorsag. D ekje verdt å sette sej sjølv ut for^^