søndag 21. desember 2008

Snart jul! Hurray :D

Aloha!

No er det, som alltid, lenge sidan eg har vore innom her. Eg huskar ikkje dette like godt som deg, Anita. Du må minne meg på slikt :-) Begynne å verte gamal veit du... :P

Men uansett. Det nærmar seg faretruande julafta. Ikkje mange dagar og timar igjen no. Og julestemninga? Ja, den er fråverande. Men men, det er no jul neste år også:-)

Tenkte eg skulle bruke dagens innlegg på litt tilbakeblikk på dei siste vekene, no som eg endeleg får til desse bileta på sida. Så enjoy! Så snakkast me plutselig!


Julemannane, som eg og Ann-Helen laga for nokre veker sidan. Vakre vart dei, og gode vart dei i alle fall :-) Takka vere hjortesaltet som eg tok med meg frå Mega:-)

Linda på golfbana for første gong. Det var saker det. Ikkje traff eg ballen først, og når eg endeleg traff den, så havna den i skauen. Men kjekt var det. Dette skal eg lære meg betre :-)


Eg og Taran på festninga i St. Augustine, ein av dei eldste byane rundtomkring her. Vi var såvidt innom og kika litt, men fekk ikkje med oss så mykje, så må nok ta turen tilbake ved eit seinare høve:-)

Skulle i grunnen sjå ut som eg var på veg å hoppe i sjøen her, men men... :p
Framleis i St.Augustine. Litt grått ver, ellers veldig fin tur:-)

Elles var vi ein tur i Miami på torsdag og fredag. Knalltur! Bileta derifrå kjem i neste blogg innlegg, sjå fram til det :p

På gjensyn!

søndag 7. desember 2008

Søndag, søndag, søndag...

Slutten på helga. Starten på veka. Alltid like kjekt. Starta tidlig på jobb i dag, så kom heim dautrøytt, og skulle sove eit par timar. Sov til no. Klokka halv ti. Hehe. Utkvilt i alle fall. Men spørs om eg får sove seinare... Ser på Skomakargata i skrivande stund. Nærmar seg julegateopning der. For dei som ikkje ser på det i år:-)

Om litt reiser eg tilbake til Epcot, der vi skal ha filmkveld. Skal sjå film på storskjerm i den norske attraksjonen, og kokkane i restauranten stiller med mat. Så bra blir det. Utan tvil.

Ellers har bloggen min i dag fått ny "look"! Takk til mi kjære lisjesyster, Anita, som har forska på den. :-)

Hadetbra!

Dagens kalendarvisdomsord:
"Stol på Tøffe Tøfflus"

lørdag 6. desember 2008

Dei fire neste dagane :p

Har visst ikkje skrive blogg sidan tysdag eg. Sånn kan det gjekk. Men skomakargata har eg i alle fall hugsa desse desember dagane :-) God stemning er det. Rett og slett.

Onsdag hugsar eg ikkje kva som skjedde, i farta.

Torsdag var det i alle fall julebakst. Julemannar til den store gullmedalje. Skal få lagt ut litt bilder når det høver seg. Gikk ikkje å byrje å styre akkurat no, sidan eg egentlig skal stå opp om seks timar. Najs!

Men må først få med fredagen også. Gårsdagen var det. Då var eg først ein tur i parken, og satte seinare kursen mot St. Augustine, på ein aldri så liten roadtrip. Utruleg fin by, sånn gamaldags, trur den vart grunnlagt på 1500 talet, og mykje er vel bevart. Skal legge ut bilete derifrå også, med tid og stund:-)

I dag sov eg altfor lenge, heilt til eg skulle på seinvakt på jobb, så ikkje noko spanande å fortelje om den dagen. Sånn sett vekk frå at eg fekk vete at eg skal byrje som servitør på tysdag! det blir bra! så kan det hende eg får betalt ned litt gjeld etterkvart. hehe...

Men no gjeng eg og legg meg, og ser fram til filmkveld med heile Norgespaviljongen i Epcot i morgon:-)

Arrividerci!

Dagens kalendarvisdomsord:
"Mange kloke ord blir sagt i spøk. Dessverre blir i langt høyere grad dumme ord sagt i fullt alvor"

tirsdag 2. desember 2008

Dag nr 2. I desember.

Snart jul! Snart ferie! eller ikkje akkurat. snart stress på jobb heiter det vel. Men koslig vert det.
No skal eg kvart øyeblikk starte å tjene litt pengar, så det vert i alle fall kos. Og få betalt ned litt kreditorar og slikt... :p

Har sjølvsagt sett episode 2 av Skomakargata i dag. Og kjøpt mandarinar. Og høyrt på mykje julemusikk. Så stemninga stig til nærare vi kjem jula :-)


Luke 2 i visdomsordjulekalendaren:
"Det e bærre lekkert"

mandag 1. desember 2008

Det er første desember.... I dag!

I dag er det første desember! Alle store og små opnar lukene no, det er første desember i dag! :-)
Tida går fort. Altfor fort. Det er berre 24 dagar til jul, noko som er ganske sjukt, i og med eg synest det nettopp var starten av november.

I dag var eg inn i Epcot etter jobb, og handla litt. Ikkje så mykje. Berre ein sjokoladejulekalender, og masse Naruto stæsj for Anita. No kan eg snart litt om dissa seriane dine, Anita! I alle fall veit eg forskjell på han med gult hår og han med sekk på ryggen :-)

I og med desember startar i dag, så startar sjølvsagt også Jul i Skomakargata, som mamma var så snill og kjøpte til meg då eg var heime for nokre veker sidan! Det vart ikkje klokka seks, slik som det eigentleg skal vere, men om ein time, klokka ti. Då samlast vi skomakargate tilhengarane, og ser episode 1. Sjølvsagt berre ei episode om dagen, så eg vert sittande kvar dag eg. Koste kva det koste vil:-)

Sidan sist har eg også feira Thanksgiving her i det store utland. Crazy. Visste feiringa var stor, men dette tek kaka. Fullt opp med folk i parken på torsdag, som var den store dagen, og sjølvsagt også fredag og påfylgjande helg. Fredagen var også dagen for alle dei store salga her borte, med heilt ville tilstandar. Heilt utan tvil dagen å halde seg heime på!

Men, med fyrste søndag i advent i går, er altså ventetida i gong. Herlig:-)
(Sånn sett vekk frå at eg ikkje får lov til å ha lys i leiligheita då... ref: Final warning for firearms and explosives:p)

Luke 1 i sitat-kalendaren min.

"Eg er veldig tolmodig, så lenge eg får det som eg vil til slutt"
Margaret Tatcher

lørdag 22. november 2008

Hurra, hei og hopp!

Orlando, Orlando, Orlando. Kva skal ein seie. Forsåvidt fint å vere tilbake på ein måte. Men på ein måte litt kjedelig også... Ikkje meir frisk luft, ikkje meir norsk mat, eller norsk fjernsyn, og tur oppi skauen med Anita og Anja... hehe.. på ei stund hvertfall! :p

I går var eg faktisk på golfbana ein tur. Fantastisk. For å gjere ei lang historie kort: Eg sug i golf. Men ver du sikker, dette skal eg lære meg. Tenk å suse rundt i ein golfbil, og slå litt på ein ball, og nyte sola? Digg:-) Eg og Veronica tok oss ein times tid på "driving rangen", og fekk testa litt slagkraft, men det vart ikkje det heilt store. Vi vart litt leide for å seie det slik. Så vi lånte oss ein golfbil og oppsøkte Taran, golfproffen vår, som var ute på den ordntlige bana og spelte. Det var forsåvidt ikkje så spennande det heller. Det artigaste var vel eigentleg å køyre golfbil :D
Men tenkjer det vert bra når vi har lært oss det skikkelig. Blir vel PGA tour neste, eller kva det no heiter...

Var også å kika på eit par bilar i går. Ikkje at eg har råd. Og i alle fall ikkje til dei vi såg på der. 10.000 dollar og oppover var klassa, og det passar vel ikkje akkurat lommeboka mi :P
I alle fall ikkje før eg vert servitør:p


Auf wiedersehen!

fredag 14. november 2008

Home again...

Framme på destinasjon "liksom heim", Orlando, Florida. 32 timar etter eg starta frå Løvikja. Ikkje at flya var noko forsinka eller noko slikt. Nei det som tok tid, når eg endeleg landa på Orlando International, var å kome seg derifrå. Då eg var i Amsterdam, ringde eg nemlig Holiday autos og bestilte meg ein leigebil frå Orlando. Det eg ikkje tenkte på då, var at eg får tilsendt ein voucher på epost, som då må skrivast ut og leverast på leigebilkontoret. Så først sto eg sjølvsagt ein halv time i kø, for berre å få vite at eg måtte kome tilbake med voucheren, før eg leita rundt halve Orlando International etter ein printer. Var forsåvidt ikkje så vanskelig å finne ein printer i seg sjølv, men ein eg kunne bruke derimot, var verre. Men, fann til slutt eit business center på eit hotell, så det ordna seg. Så då kunne eg gå tilbake til køa ved leigebilkontoret, som no berre var ein 20 minutts tid. Alltid kjekt å stå i kø:-)

Då eg endelig fekk sjekka ut bilen, fekk eg gledeleg melding om at eg berre kunne gå i garasjen, og velje mellom alle bilane som sto på høgre side. Yeah! Valgfriheit! :D Men, kortvarig glede. På heile den store lange høgresida, sto det nemlig heile 1 bil. Fantastisk! Menmen, eg skal nok overleve. Ein kvit sportsbil av eit slag. Trur kanskje det var Pontiac...

No er det vel berre å kome seg til sengs. Med jetlag og sliktno, skal ein opp klokka seks i morgon tidleg, for å fare på jobb. Som eg kanskje egentlig ikkje treng, sidan dei har oppdatert schedulen min, og tatt vekk vakta mi. Av ein eller annan merkelig grunn. Men tør ikkje satse på at det stemmer, så møter opp likevel...

God natt, sov godt!

Ting tek tid...

Det er no 26 timar sidan eg reiste frå Løvikja, og eg har framleis berre kome meg til Washington. Ting tek altså litt tid her i verda:-) Menmen, det er no forsåvidt greitt å vere ute på reise.
Starta i går kveld med at Anita, Ole Andreas og Anja var så vene og køyrde meg til Folkestad, der nattbussen til Gardermoen venta. Me fekk sjølvsagt ein gamal buss, sidan den som eigentleg skulle køyre, hadde fått motorhavari. Men godt at den fekk det på førehand seier no eg:-) Fekk ikkje god plass til meg sjølv denne gongen heller, men det gjekk i grunnen bra. Stappfull buss, ein haug med polakkar som var ute på tur. Ikkje veit eg kvar dei skulle, og ikkje bryr eg meg så veldig heller. Veit ikkje kva det har med saka å gjere heller for den del:-)

Uansett, kom til Gardermoen ca ein halv time etter skjema i dag tidleg, sånn omlag halv sju. Flyet mitt til Amsterdam gjekk 0745, så hadde forsåvidt god nok tid! Fekk til og med kjøpt med litt norsk sjokolade til amerikanarane borti det store utland.
Så flaug me til Amsterdam, og vidare til Washington, der eg er no. Flyselskapet var United Airlines, heilt greitt. I og med at eg fekk ein Economy Plus plass, så skal eg vel ikkje klage. Fekk til og med sett nokre filmar denne gongen, i motsetning til når eg flaug med Lufthansa, som ikkje har slik service :p
Såg på Wall E og to andre som eg ikkje huskar navnet på. Ikkje så veldig gode i grunn. Den fjerde filmen derimot, "Step Brothers" var litt kul. Men den byrja sjølvsagt ein time før innflyging, så fekk sett berre halve. Sånn kan det gikk.

No ropar og ropar dei på business class folka som skal boarde her. Skulle egentlig berre heve meg med dei, det hadde vore noke:-) Men det er vel snart klart for "seating area 4" også. Eg skal til 21C, så må vente til slutt nesten... hehe.. men eg får logge av og gjere meg klar.

Sayonara! I mangel på andre fancy ord å avslutte med...

onsdag 12. november 2008

Bach og Mozart og alle dei andre....

Som dei fleste vel veit, så held Anita på med musikkteori, og har studieveke denne veka. Det er sikkert spennande det, om ein veit kva ein pratar om. Det gjer ikkje eg. Så vart artigt når eg skulle teste Anita sin kunnskap med teorispørsmåla. Ikkje kan eg uttale navna, ikkje kan eg uttale stilartane, og ikkje kan eg uttale det meste av det italienske, tyske og franske, eller kva land dei no må vere frå, dei komponistane. Klassisk musikk har vi i alle fall fått høyrt mykje av denne veka her heime:-) Men det er sikkert bra for meg. Satsar på det!

I morgon skal eg reise igjen. Fristar egentlig å droppe det, men har vel ikkje stort val. Det vil då seie eg bør pakke kofferten. Noko som heller ikkje fristar. Men slikt må gjerast. Viss ikkje får eg ikkje med meg verken den norske maten, den amerikanske playstationen som eg la igjen her heime sist, eller alt det andre som eg har sakna borte dei store amerikanske statane.
Får vel berre gå å byrje med pakkinga:-)

Auf wiedersehen!

mandag 10. november 2008

Home, sweet home!

Tilbake i Noreg. Digg:-)
Og ikkje mindre digg når Vålerenga vart NORGESMEISTERAR i går :D Gratulerer så mykje. Det var ein fantastisk kamp å sjå på. Spesielt når det var Stabæk som måtte sjå seg slått. 4-1 til oss, fantastisk! Var også sjølvsagt på Cupfinalefesten på Youngstorget på laurdag kveld. Og der var det livleg. God stemning!

I natt tok eg nattbussen heim til Sunnmøre. Trudde det skulle verte ein flott tur, sette meg godt tilrette på dei to seta eg klarte å finne ledige, og var klar for ti timar å breie meg ut på. Men før eg visste ordet av det, før Gardermoen ein gong, kom det sjølvsagt gåande ein gamal mann. Han gjekk fram og tilbake i bussen uten å finne ut kvar han hadde lyst å sitte, før han med eitt fann ut at han skulle sitte med meg. "Eg set meg her eg", sa han. Og ikkje nok med det, men på setet låg det ein banan. Som han då sette seg på. Og ei flaske cola, som han reiv ned på golvet i same slengen. Og før eg fekk teke vekk alt styret mitt, så sat han på det også. Glimrande. Det gjorde dagen min så mykje betre. Menmen, kunne ikkje øydelegge den likevel. Vålerenga vart nemlig NORGESMEISTERAR!!! :D

På Folkestad gjekk eg i alle fall av bussen, og vart møtt av ei lettare forvirra Anja, og Anita, som gjekk med på å hente meg viss ho fekk ein amerikansk potetgull. Grei deal det :-)
Men trur ikkje Anja var så glad i ferjekaia på Folkestad. Bråkande ferje, mykje bilar, og ikkje minst sidan eg hadde meg meg TO trillekoffertar. Det er ho visst ikkje noko glad i i det heile tatt.
Men me kom oss heim til slutt. Så no sit me og ser på Anita sin høgskulekor konsert. Stemning.

Snakkast!

søndag 2. november 2008

Bilær og båtær....

Ikkje at det har noko med saka og gjer. Men syns det er like morsomt med dei bilane og båtane kvar gong... :p
Har forresten leigt meg ny bil denne veka her. Tenkte at det måtte til, i og med at eg må shoppe ferdig alt av julegåver og sliktno.

I går gjekk turen til World of Disney i Downtown Disney, og der har dei i grunnen stort sett det meste, så fekk handla ein del der. Og når eg i tillegg i dag var innom Epcot ein tur etter jobb, så byrjar eg vel å nærme meg. I alle fall når det gjeld dei som skal ha Disney julegåver:-)
Var også på Pet Supermarket i dag. Ikkje reint lite dyrestæsj der. Fann jammen nokre julegåver på den butikken også, så skal vel ikkje sjå vekk frå at eg får litt plassproblem i kofferten på veg heim. Men men... Jul er det berre ein gong i året. Og det er forsåvidt snart:-)

Sett vekk frå det, så er det særs lite å fortelje her bortanifrå. Halloween er "endeleg" snart overstått. Det har vel vart omlag to månader, så kan seie eg byrjar å verte litt smålei. Men fekk med meg eit par halloween parties i alle fall. Utkledd som High School Musical cheerleader of course :p

Og sånn går nu dagan. No er det mat shopping. Veldig greitt å ha bil må eg seie... Og sleppe å bruke 3 timar på ein tur på Walmart.

Me Høyrast!

Sayonaaara!

søndag 26. oktober 2008

We´re all in this together!

Hehey! High School Musical 3! Yeah:p
Måtte no sjølvsagt berre sta å sjå den på kino i stad. Stemning. Må no berre verte happy av slike filmar! :P

Ellers, tilbake på jobb. Som alltid på søndagar. Lite spanande å fortelje egentlig. Ser svært mykje fram til neste veke, og Norgestur :D Det blir kanonbra!!!
Har også fått beskjed om at vi skal ha "training" som servitør i løpet av komande veke, så då vert det endelig litt pengar å hente... :p

Byrjar også å nærme meg slutten på julegåvehandlinga. Ikkje dårlig, til meg å vere. Rett og slett stolt av meg sjølv! Har også så vidt fått laga ei ynskjeliste sjølv, så skal få sendt ut den, til dykk som har etterlyst:-)

Sayonara!

tirsdag 21. oktober 2008

Ullevål, here I come!!!

Det er no klart. Eg skal på cupfinalen! Og det er jammen ikkje lenge til. Eg kan nesten ikkje vente:-) Får sjølvsagt også nokre dagar heime i dette høvet, og det er no berre fantastisk! I dag bestilte eg billetten, reiser torsdag 6.nov med retur fredag 14.nov. Så ein liten svipptur over dammen... Bestilte faktisk på wideroe.no, som viste seg å vere billigaste alternativet. Så all ære til dei!!

I det høvet, må eg berre seie at, om det er nokon som skal ha/vil ha/kan tenkje seg/ynskjer seg noko til jul frå Amerikalandet, så er dette tidspunktet å seie i frå på:-)

Elles har det vore ein gjevande dag. Var i dag i Bakeriet på jobb, for første gong på to år. Artigt! Håpar eg vert verande der fleire vakter framover. Byrjar faktisk å verte litt smålei av restauranten. Men det ordnar seg vel etterkvart når det blir snakk om å faktisk tene litt pengar. Er ikkje så mykje å snakke om no...

No ventar senga. Opp litt før 06 i morgon. Fantastisk!

Ohio!

mandag 20. oktober 2008

...men god mat i alle fall...

Har forresten vore veldig flink å lage mat dei siste dagane. Hehe. Det har eg gløymt å nemne. Pannekaker, kylling ovnsgratinert i TORO saus, og heimelaga pizza. Sweet :-)

Så veit du det ;)

No skal eg leggja meg. Så sov godt til dei som joinar den tanken. Og ha ein fin dag til alle dykk andre!

Late dagar...

Våkna opp i dag med utallige kommentarar på Facebook. Merkelig det der. Kor mykje merksemd ein plutselig får om ein endrar på sivilstatusen sin. Hehe... Hadde det no vore noke meir interessant enn at eg tok vekk heile sivilstatusen då... Berre litt artig at Facebook då presterar å vise til det som "Linda is no longer listed as single" :-)

Var også for øvrig i går på ein særs brun pub. Ein irsk ein faktisk. Med karaoke. Og "kids allowed". Seier vel det meste om den staden. "Lucky leprechaun" heitte den. Det var faktisk ganske koslig:-) Vi rakk aldri å synge karaoke då. Vi trudde nemlig dei heldt på til 02, men klokka 01 gjekk siste songen, og då sat vi framleis å prøvde å bestemme oss for kva song vi skulle synge. Sånn kan det gjekk. Var forresten ein særs bra versjon av Josh Groban - You raise me up, som var siste song. Bartendaren faktisk.

I dag var det tilbake til jobb igjen. Nok om det.

Vi snakkast. Eller høyrast. Eller sjåast. Kven veit...

lørdag 18. oktober 2008

Long time, no see....

Igjen, så har det gått veldig lenge sidan sist eg var innom. Sånt skjer når ein har det travelt. Eller rett og slett har altfor god tid. Det er vel sistnevnte som passar best..
I alle fall, så har eg sove veldig godt den siste veka, på mi nye Ikea madrass, og med mi nye Ikea dyne:) Og veka ellers har vel gått veldig fort, utan dei heilt store hendingane.

I går var eg, Pia, Irene og Mari på World Bowling Center, og bowla med sånne fancy neon lys og heile pakka. Rett og slett ganske so artig. Sjølv om eg sug ganske kraftig i bowling, så er det ein artig aktivitet, må eg seie. Fekk til og med testa ut ei tre-fire nye kaste teknikkar, med begge hender, baklengs og framlengs. Stas!

I dag sov eg atter ein gong lenge. Problemet er at ein blir så daff av det. Så når eg endelig "sto opp", så sette eg på ein DVD med Heroes sesong 2, og tenkjer eg vert sittande til den er ferdig. Hehe... Er i grunnen veldig deilig å ikkje ha nokon planar i det heile... :p

søndag 12. oktober 2008

Köttbullar og potatismos, tack!




IKEA! Hurra! Det er lenge sidan eg har vore så glad for å sjå dei blå og gule logoane. Eg og Pia tok oss ein tur dit i går, i håp om å finne skikkelig dyne og sengkle. Og jammen fann vi det også. Fantastisk! Men vi starta sjølvsagt besøket i butikken, slik ein alltid startar eit Ikea besøk, i restauranten. Der fekk vi servert nydelige svenske köttbullar og potatismos, med Mountain Dew. Beste middagen eg har hatt på lenge. Desserten, eplekaka, var ikkje så mykje å skryte av, men epla var i alle fall gode.

Vi fekk også brukt litt pengar i den svenske matbutikken på Ikea. Endelig skikkelig jordbærsylte, solbærsaft, blåbærsylte, pærecider, rugbrødmiks, frokostblanding, daim, og ikkje minst Bilar! :-)


Norsk sommardyne og deilig overmadrass til den ellers så glatte Commons madrassa fekk vi med oss, så i går kveld var det skikkelig deilig å gå å legge seg. Nydusja, med nytt sengetøy, på madrass som eg slepp å bekymre meg for å skli fram og tilbake på. Herlig kjensle!


Slik ser då altså rommet mitt ut. Dette er vel og merke før den nye madrassa, og før den nye dyna:-) Men Ole Brummen min er der. Søtaste bamsen eg nokon gong har sett, omtrent. Og katteplakaten min som eg kjøpte på Wal Mart :-)

lørdag 11. oktober 2008

Livet er helt ålreit!

Sjøl om eg heilt sikkert ikkje har godt av det, så er det digg. Å ha fri. Og ikkje gjere ein dritt:-)
Har ikkje gjort noko som i det heile tatt kan nærme seg nyttig i dag. Sett vekk frå å reie opp senga, og skifte på den. Men eg har no sett nokre episoder av Desperate Housewives då. Og ein ny serie, Life on Mars. Ganske kul! Prøvde meg også på ei anna ny serie, Pushing Daisies, men det var ikkje heilt min greie. Men det er rett og slett ganske digg med nytt internett, så eg i alle fall har muligheita til å sjå alle desse fantastiske seriane :-)

No skal eg ta å ladde opp kameraet mitt, og få tatt nokre bilete som eg kan legge ut her.

Sayonara! Igjen...:p

fredag 10. oktober 2008

....og for dei som lurte på kvifor tittelen på innlegget var som den var, så var det fordi eg satt i mi eiga verd og høyrde på Mat Kearney med Breathe in, breathe out! Herlig song :D

Breathe in, breathe out...

Det er helg! I alle fall for meg. Den vanlige fredag og laurdag helga. Finfint!
Og siste dagen på jobb før fri var i grunnen fin også. Ein time i restauranten, før det bar til American Adventure, og nok ein konsert. Denne gongen var det Johnny Lang som sto for tur. Og det var faktisk ganske kult. Litt rock-gospel-blues med ein touch av soul tenkjer eg at vi kallar det:-)

Eg var også å skifta ut leigebilen min i går. Fekk ein samme type, Toyota Yaris, men berre litt mørkare raud enn den førre... Må snart slutte å bruke pengar altså, blir dyrt i lengda å leige bil. Vurderar seriøst å kjøpe. Får kike litt rundt i morgon tenkjer eg :-)

I dag starta eg dagen på tennisbana. Første dag med trening på altfor lenge. På tide å komme seg inn i ei fast rytme. Det var heilt herlig faktisk. Og artigt!
Så var eg på Orlando International Airport og henta Irene, som var lost der. Er ikkje så lett å kome seg fram og tilbake med buss i dette området nei...
Og for å gjere dagen fullkomen, så har Housing faktisk gjort noko nyttig, og oppgradert Internett i området. Så no har vi ti gongar så raskt nett. Så raskt at eg kan sjå 71 nord utan å bruke 12 timar på å laste ned på førehand. Og faktisk kan eg faktisk sjå Greys Anatomy live på nett. Det har eg ikkje ein gong kunne tenkt på tidlegare. Fantastisk!!! Så no har eg sett to episoder 71grader nord, tre episoder Greys, og skal til på den siste som er lagt ut, før eg tenkte å svitsje til Desperate Housewives. Har ikkje sett det heller på ei stund. Så konklusjon, skikkelig lat ettermiddag og kveld. Men heilt herlig:-)

Men aller først må eg køyre meg ein tur på Publix og kjøpe litt mat. Eller kanskje eg skal ta ein drive-thru... hehe...

Sayonara!
(Anita, du må lære meg nokre fleire japanske ord, for kan ikkje drive å skrive sayonara heile tida! :p )

onsdag 8. oktober 2008

Litt kaos, og endå meir gøy!

I dag sov eg nesten heilt til eg skulle på jobb... på PM shift som assignor. Einaste eg gjorde først, var å sjå ei episode av 71 grader nord på nettet, som har stått og lasta ned i heile natt. Det tek nemlig ei 10-11 timar å laste ned ei episode her:p Spesielt sidan desse hyggelige folka som bryr seg så mykje om oss her på Commons har sperra for det meste som heiter nedlasting på Internetten... Menmen, alt går med tida til hjelp. Så no har eg sett på ei ny episode til nedlastning, som eg kanskje reknar med å kunne sjå i morgon før jobb:-)

På jobb har det no teke seg litt opp igjen med antall gjestar i parken, og vi er som "normalt" fullbooka det meste av dagen og kvelden. Det vil seie meir arbeid for meg, som igjen gjer at dagen går fortare. Herlig herlig:-)
Og for å krydre dagen litt meir, så bestemte datasystema i restauranten seg for å ikkje samarbeide. Dermed måtte vi nokre år tilbake i tid, til det gode gamle systemet med papir og penn. Fantastisk. Endå meir å gjere for meg. Igjen, dagen går endå fortare. Og ikkje minst, for å gjere kaoset i restauranten komplett, begynte det også å regne. Ikkje litt, men mykje. Og ikkje små dråpar, men store. Så store at du vart våt omtrent berre ved å kike ut døra. Men koslig var det rett og slett. Eg er kanskje ikkje heilt rett samanskrudd, men eg hadde ein fantastisk dag på jobb :-)

På veg heim kjøpte eg meg ferdigpizza, så no skal eg berre kike litt på underhaldning på skjermen, og slappe av i sofaen. Sayonara!

tirsdag 7. oktober 2008

Første, og siste! warning....

Hadde, som skrive tidlegare, møte med housing i dag tidleg. Det var jo fantastisk spennande. Kort og godt då, så hadde dei bestemt at sidan vi hadde stearinlys i leiligheita, så fekk vi alle "Final Warning". Det vil då seie at dersom vi gjer noko anna veldig alvorlig, som å ha eit nytt lys i leiligheita, eller noko slikt, så sit vi på første fly tilbake til Norge. Tragikomisk, spør du meg!

Sidan eg måtte bruke morgonen på møte, så mista eg arbeidstimar, som eg sjølvsagt ikkje fekk betalt for, så måtte ta igjen desse ut på ettermiddagen. Det er vel alt eg har gjort i dag. I tillegg til sjølvsagt og gått rundt og ergra meg over at det er mulig å vere så inn i granskauen trongsynt og maktsjuke som desse folka på Commons / nokre av dei i Disney er.... Fantastisk! Applaus til dei!

mandag 6. oktober 2008

Attention!! Inspection!! saklig...


I dag var då den store Inspeksjonsdagen på Commons. Hurra!! I alle fall så rydda vi ganske så bra i går, så hadde ikkje så mykje å frykte. Heilt til vi kom heim frå jobb, og såg tilbakemeldinga. Reinhaldet var ingenting å utsetje på, men det som var problemet, var eit stearinlys. Som sto til pynt faktisk. Det er nemlig ikkje lov det. Kan vere brannfarleg. Så i morgon den dag, må vi alle mann møte opp på "Housing Meeting", for å forklare oss. Og gudane veit no kva dei finn på å gjere. Dei er ikkje så glade i nordmenn for tida, sidan vi er så mange, så dei sett oss vel på første fly heim. Hehe... Det hadde i grunnen berre vore tragikomisk. Men tida vil vise:-)

No ventar senga, for eg må tidlig opp og reise til jobb, for berre å vise dei eit brev om at eg er nøydd å dra på møte... Tungvindte saker...

søndag 5. oktober 2008

Back to work...igjen...


(Fekk endelig til å laste opp bilete, så her er den fantastiske leigebilen min :-) )

Sånn ca ein gong i veka har eg denne dagen.. den tunge tilbake-på-jobb-etter-to-dagar-fri-dagen. Også på ein søndag då. Gjer ikkje situasjonen mykje bedre. Ikkje at søndagar her er som søndagar heime då... Søndagar er faktisk ganske travle her. I alle fall på jobb. For det er då alle har fri. Og det er då alle tenkjer: JA, lat oss fare til Disneyworld og ete frukost/lunsj/middag med prinsessene i den norske restauranten! Fantastisk. Men men, dagane går forsåvidt fort dei, når ein har mykje å gjere.

I morgon er den store Inspeksjonsdagen her på Commons. Eller heile veka er i grunnen det. Berre at i morgon er det vår leiligheit som står for tur. Så i heile kveld har eg rydda og ordna, i håp om at alt skal sjå greitt ut. Det gjer det også forsåvidt :-) Så då kan det hende det vankar godis på oss som bur her. Det er nemlig belønninga for å ha det ryddig og reint. Er heilt som å vere tilbake i barnehagen igjen spør du meg. Men det trengs vel...

lørdag 4. oktober 2008

Konsert og god stemning



I går var eg på Maroon 5 og Counting Crows konsert. Det var steikje bra. Ikkje alle Maroon 5 songane vel og merke, dei kunne ha spart seg halvparten. Vart nesten kjedelig. Men Counting Crows derimot. Det var dei vi kom dit for:-) Og det var verdt pengane. Eg hadde sjølvsagt ikkje klura meg til å kjøpt billett på førehand, men det er vel aldri noko stress på slike store konsertar. Svartebørs seljarane sto lina opp på utsida, og fekk kjøpt meg ein til 20 dollar, sånn ca halvparten av markedspris. Så skal absolutt ikkje klage. Sunnmøring som eg er:-)
Konserten var i Tampa, så blei litt road trip, men det er alltid koslig!

Elles var eg også og testa ein ny attraksjon på morgonen i går. Det var ein Kim Possible interaktiv attraksjon som skal opne i Epcot neste år ein gong. Var faktisk litt kult. Gjekk rundt med ein liten fancy LG telefon, og fekk videomissions frå Kim Possible rundtomkring i den kinesiske paviljongen. Poenget var at vi skulle redde verda. Så då har eg prøvd det og:-)

torsdag 2. oktober 2008

Helg igjen :-)

Har ikkje vore innom her og oppdatert på ei stund kom eg på. Og det er ikkje fordi det har skjedd så veldig mykje spennande dei siste dagane... :p
Det har stort sett gått i jobb og soving.

I går jobba eg seint i restauranten, og fekk leike servitør for eit par bord, som stand in for ein servitør som ville heim. Passa meg i grunnen fint det, litt ekstra lommepengar :-)

I dag var eg og skulle levere leigebilen igjen, og ta ut ein ny. Men det viste seg at eg heller berre fekk behalde den same. Ikkje at det gjer meg noko, for er ein fin bil det! Dei berre fylte opp tanken og vaska bilen, så fekk eg den tilbake. God stemning:-)
Torsdag er også paycheck dag, så fekk den O store lønna mi, på heile 114 dollar. Livet er herlig, er det ikkje? :p
Dermed fekk eg reist innom WalMart og handla litt. Endelig litt skikkelig mat! Laga meg til og med pannekaker når eg kom heim.

Eg har også sett High School Musical 2 i dag. Heheh.... Er faktisk litt fascinerande dei filmane der:p Tenkte også at eg skulle lage meg ei liste over alle Disney filmar eg manglar å sjå. Det er min mission medan eg her borte i vidunderland.

I morgon tidleg ventar "Cast Preview" på ein ny attraksjon i Epcot, nemlig Kim Possible. Det har eg trua på at blir bra. Oppmøte i parken klokka 09, så trur nok eg finn senga snart...

mandag 29. september 2008

Eat to the beat!

So var måndagen over. Har vore ein grei dag i grunn. Sov meg litt frampå igjen, og sto opp i rikelig tid før jobb. Fekk til og med folk frå Front Desk til å kome over og klippe låsen på safen min. Som var låst frå før då eg flytta inn, så har ikkje fått brukt den til no. Men no kom eg endelig på å ringe etter hjelp, og dei hadde jammen tid også, så ikkje verst på ein måndag :-)

På jobb var eg berre ein time i restauranten i dag. Etter det for nokre av oss over til "American Adventure", der det for tida er "Eat to the Beat" konsertar kvar dag, i samband med Epcot International Food & Wine Festival. Og dagens O store artist var Sheena Easton. Eller noko i den dur. Stor var ho i alle fall. På 80-talet. Må ærleg innrømme at eg aldri har haurt namnet før. Men kunne ein av sangane hennar då... "My baby takes the morning train, he works from 9 to 5 and then, he takes another home again....... osv..... " God stemning...

Måndag er egentlig kvelden for "Flickabo", der alle vi norske jentene samlast, iført rosa t-skjorte, nesten litt som russetida på ny. Men det gidd eg ikkje i kveld, sidan eg skal tidleg opp i morgon. Eg skal faktisk vere litt fornuftig, og lese så smått på menyen frå restauranten vår før eg legg meg om litt :-)
(For å verte servitørar no for tida, så må vi "spiele" menyen for ein manager. Nesten litt som muntleg eksamen... hehe. Med andre ord, vi skal late som han er ein gjest, så skal vi introdusere han for menyen og restauranten. Alltid koslig med litt rollespel.. Or not....)


Good night, sleep tight, don´t let the bed bugs bite! :-)

søndag 28. september 2008

Back to work..

Etter to heile dagar fri, var det ikkje akkurat ein draum å kome tilbake til jobb i dag. I alle fall ikkje sidan skiftet mitt var frå 1030 til 2100. Men det gjekk no føre seg:-) Har stått ute på podiet stort sett heile dagen i dag, og ynskt gjestar velkomne og registrert dei inn, så tida har gått fort. Mykje hyggelige gjestar hadde vi også i dag. Og ikkje minst ein heil haug med nordmenn. Det må då vere haustferie der heime no?

Elles har eg ikkje gjort ein dritt i dag. Det seier seg vel kanskje sjølv, i og med at eg akkurat kom heim frå jobb. Ikkje trur eg at eg gidd å gjere så mykje heller. Kanskje det vert nok ein kveld med dvd og is? Var god stemning det.. :-)

Dagens gode gjerning... hmm... jau! skaffa "herring" (kjem ikkje på kva det norske navnet på fisken er i farta) til eit par stk som hadde gått "jorda rundt" for å få tak i det... :-)

Avslappande dag... på ein måte...

Var deilig å kunne sove meg litt frampå i dag. Og det vart ikkje berre litt heller for å seie det slik. I halv to- to tida var eg oppe av senga. Men, det er vel lov det, når ein har fri, er det ikkje?  :-)
Vart oppringt av Give Kids the World i dag, som trengte folk, så eg sa sjølvsagt ja til det. For dei som ikkje har høyrt om dette, så er det "hobby" jobben min, sånn på si :-)
Det er ein veldedig organisasjon, for born med livstruande sjukdomar, som hjelp dei og familiane deira å kome til Florida, og få oppleve det meste av det som skjer her. Dei får då bu i ein eigen liten "landsby", som då er der vi "jobbar". Det eg gjer der, er å jobbe med Entertainment avdelinga, med ulike karakterar, mellom anna "Borgarmeisteren" i byen, og fruen hans. Hadde eg kunne hatt ein slik jobb på fulltid, så hadde eg meir enn gjerne tatt den. Det er noko av det mest givande eg har gjort i mitt liv. Og makan til glade og takknemlige ungar skal ein leite lenge etter.
Så får du sjansen ein gong, så ta turen innom der. Heilt fantastiske menneske!

Seinare på kvelden fann eg ut at eg hadde lyst på is, så vi tok turen til Wal Mart, og kjøpte litt kvalitets is, Haagen Daas. Fantastisk! Vi tok også med ein film i same slengen, på 1 dollar Rent A Movie maskina:-)  "The Bucket List" vart dagens val. Ein utruleg fin film med Morgan Freeman og Jack Nicholson, som møtes på sjukehuset, begge som kreftpasientar. Anbefalast på det sterkaste!

Elles har eg prøvd å legge ut bilete av min fantastiske leigebil, og leiligheita, men bloggen vil ikkje ta imot, så får ta det ein dag eg har god tid... :p

No ropar senga på meg. Er litt over fem timar til eg atter ein gong må stå opp. No er det slutt på "helga" mi, i morgon startar ei ny veke, med nye moglegheiter!

Dagens gode gjerning: Smilte til kassadama på Wal Mart. (Som sjølvsagt ikkje smilte tilbake)...
(måtte berre kopiere dagens gode gjerning tingen din Anita. E egentli ganske fin ide :p )

lørdag 27. september 2008

Dagens gode gjerning...

Hadde også en "dagens gode gjerning" i går. Stoppa (med min fantastiske leigebil) i et veikryss, og ga penga til en uteliggar. Hehe... måtte berre testast!

fredag 26. september 2008

Endelig helg!


I dag og i morgon er mi "helg". Sjukt digg med fri. Og endå betre med leigebil:-)
I dag var eg og Irene på IHOP (International House of Pancakes!!!) og åt frukost. Majestetisk! Anbefalast på det sterkaste. Varme nysteikte pannekaker (amerikanske vel og merke, men dei har visst svenske også) med jordbær på, og eggerøre og hash browns (potetopplegg, veldig godt). Og sjølvsagt ferskpressa appelsinjuice. Kan frukosten verte stort betre? Eg berre spør...
Har også vore å fornya mitt Florida førarkort i dag. Det gjekk ut medan eg var heime i Noreg, så fann ut det var på tide å fikse.

Litt pengar har eg no sjølvsagt klart å bruke i dag også. Var innom Nike Clearance Store. Fantastisk. Mykje fint der, og då sei det seg sjølv at det går med litt.

Elles, vakker solnedgong over Orlando... :p


Blikk frå torsdagen, på ein fredag!

I går var ein fin dag. Rett og slett. Måtte riktignok stå opp svært så tidleg, for å kome meg til "the happiest place on earth" tidsnok til jobb klokka 07.45. Men funkar fint så lenge eg har kome meg opp av senga. Det er egentlig det som er det verste.
Det som slo meg når eg gjekk ut døra på veg til jobb, var ikkje den vante klamme lufta og sterke varmen, men heller eit snev av "norsk" luft. Kaldt og godt. Og ikkje for fuktig. Nesten slik ein kan få heimlengsel av. Dette gjorde også formiddagen på jobb særs bra, då vi slapp å stå å ynskje folk velkomne til restauranten og halde på å svette forderva. Ca.

Eg tok også å ringte eit norsk leigebilfirma på morgonkvisten. Fekk nemlig tips om at her var det store summar å spare på leigebil, kontra å leige den i Usa. Og jammen stemte det ikkje. Omlag halve prisen skulle dei ha for ei veke. Og då måtte eg no nesten berre slå til. Reiste over til kontoret deira etter jobb, og fekk utlevert ein søt liten Toyota Yaris. Type raud. Så kvelden gjekk stort sett med til cruising og sightseeing med Irene :-)


Sayonara! (Bra japansk, eller, Anita?)

Måndag, tysdag og onsdag!

Dei tre første dagane i veka gjorde eg ikkje så mykje produktivt. Tre første dagane i den norske veka vel og merke. For dei som ikkje veit det så startar vekene her borte med søndag. Det var dagens lille nyttige info:-)
Eg gjorde eit mislykka forsøk på å få tak i ein leigebil ein av desse dagane, men det skulle vise seg å vere svært så vanskelig. For ikkje snakke om dyrt. Så gav opp den tanken.

Alt i alt, tre svært innhaldsrike dagar. Eller ikkje akkurat...

Skippertak frå den siste vekå... Del 1!

Fann ut at det va litt lenge sida eg hadde oppdatert her.
Neste dag skulle ha vore søndag. Som va 21.september. Som då er min bursdag. Hurra :-)
Det var i grunn ein fin dag. Sto opp tidleg og fekk dusja og kledd på meg, før eg snakka med familie og venar i heimlandet. Så var eg på jobb frå 14 til 21, som alltid er like koselig. Eller i alle fall heilt greitt... :p
Etter jobb var vi ein gjeng som reiste til "Bahama Breeze" for å ete middag, skikkelig god var den også. Og så tok vi ein drink eller to på Bennigans etterpå. Så veit dykk det:-)

Og alle var samde om at det hadde vore ein gild dag! :P

lørdag 20. september 2008

Første servitør dag...

I går hadde eg min første dag som servitør igjen. Ikkje dermed sagt at eg har vorte servitør endå, men det var so og seie krise på jobb, så vi måtte hjelpe til. Det var forsåvidt artig det, men veldig stress. Hjalp ikkje akkurat på at vi berre var 12 servitørar, i motsetning til normalt, som er 15-16. Men sånt blir det pengar av. Satt igjen med ei nesten 600 dollar på slutten av dagen. Så konklusjon, verdt stresset:-)

onsdag 17. september 2008

Tidleg opp, men herleg herleg:-)

Jobba frå 07 til 11 i dag. Ganske så fin arbeidstid eigentleg, sånn sett vekk frå at eg måtte stå opp klokka litt over 05 for å ta bussen 06. Men kom difor tidleg heim, og fekk litt tid i sola ved bassenget før tordenveret slo inn.
Så no sitt vi berre å slappar av i leiligheita igjen. Har vorte ganske så glad i det livet:-)
Skal opp tidleg i morgon også, og jobbe frå 07 til 21, så kan vel vere greitt å vere utkvilt.
I motsetning til Anita, som eg såg hadde vore på lang skogstur i dag, kan eg ikkje skryte av stort sett meir enn gåtur til og frå buss til jobb, og til og frå bassengkanten. 

tirsdag 16. september 2008

Livet er herlig...

He fått på plass det meste i leiligheita, norsk flagg og Vålerenga flagg på veggane og kleda på plass i kleskap. For øvrig "walk in closet", så he full kontroll over alle plagg... nice:-) Så i dag etter jobb va det rein og skjær avslapping. Lånte med meg to filmar heim frå biblioteket på jobb, og har sett den eine, pluss tatt ein liten middagskvil, så tenkte eg skulle få laga meg litt middag snart, og kanskje sjå den andre også. Litt av eit liv:-)
Har forresten funne ut at eg skal sjå det meste av Disney filmar når eg likevel er her borte, og har tilgong til alt. Så hittil har eg sett ein del klassikarar, som eg ikkje kan huske å ha sett fullstendig tidlegare, mellom anna "Ringeren av Notre Dame", "Pocahontas", "Jungelboken", "Bambi", "Mulan". Så får vi sjå kva meir dei har å by på etterkvart:-)

lørdag 13. september 2008

Ikkje lenger norsk mobil...

By the way, så brukar eg ikkje lenger mitt norske mobil abonnement. For dei som måtte ynskje å ringe, så er nr til leiligheitene: 001 407 560 2280. Du vert då bedd om å taste inn "extension", som til mi leiligheit er 3932.
Eg har også eit amerikansk mobil abonnement, men det brukar eg stort sett kun til sms, 001 407 668 9144.

Ny leiligheit, nye roomates og god stemning:-)

I går fekk eg endeleg ny leiligheit her på The Commons. Eg og Irene flytta saman til hus 9, og bur no i firemannsleiligheit saman med to jenter frå Tyskland. Så no kan eg endeleg kome meg skikkelig tilrette, og få pakka ut alt, sidan det ikkje lenger er "midlertidig" leiligheit. God stemning:-) Skal legge ut bilder av vår nye heim om ikkje lenge:-)
For dei som ikkje veit kven Irene er forresten, så har vi jobba saman både i vakta på Tusenfryd, og i Skan Kontroll. Og reiste saman ned hit i August:-)

Elles byrja eg med training i "Assigning" i dag. Også ein jobb eg hadde sist eg var her, med litt fleire utfordringar enn berre seating, som er å fylgje gjestane til borda, vaske og div. No derimot, er hovudoppgåva mi å finne plass til alle gjestane som har reservasjonar. Ut i frå kor mange dei er og når dei kjem, skal eg plassere dei på bord, slik at alle får plass, og har store eller små nok bord. Ganske så kjekt å få brukt litt hjerneceller egentlig:-)

onsdag 10. september 2008

Dei tre første vekene...


















Då har eg vore på plass i Orlando i tre veker. Og fort har det gått. Vi har vore gjennom mykje kursing, opplæring og trening og det meste anna som trengs. No er det meste ferdig, og vi er i gong med skikkelig jobbing.

Det har også sjølvsagt vore nok av tid til andre ting. Har mellom anna vore innom det meste av det som er av Disney parkar her borte.

Biletet er eg og Irene i Animal Kingdom, med Mount Everest i bakgrunnen, der ein av tidenes beste berg og dalbaner, Expedition Everest går.

torsdag 7. august 2008

Torsdag 7.august 08

Då har eg fått ein blog opp å gå. Det er ca 11 og eit halvt døgn til eg set kursen over dammen, nærare bestemt Orlando, Florida. Dette for å jobbe eit år hos Mikke Mus og dei andre venane hans i Walt Disney World. Som dei fleste sikkert veit, har eg vore der tidlegare. Men eg trivdes såpass godt der, at eg no har velt å ta eit nytt år. I utgangspunktet. Så får vi sjå korleis det går:-)
Eg har no gått ut i permisjon frå jobben i Norge, flytta ut av leiligheita, ordna med visum, og så vidt byrja å pakke i kofferten. Berre flybilletten som manglar. Men den kjem vel etterkvart:-)

Kjem til å legge ut ein del bilete her etterkvart, så det er berre å fylgje med, om du er interessert.

Elles er det berre å ta kontakt på epost, om det skulle vere noko:
lindalovik@yahoo.no