Uansett, så skal eg og Hege, som eg jobbar saman med, på dykketur i morgon.
http://www.scubaquestusa.com/charters/cortez-florida-dive-charters/
Nesten nede ved West Palm Beach er det snakk om, og det skal visst vere veldig bra. Så i dag har eg vore og brukt litt altfor mykje pengar på ABC utstyr (maske, snorkel og symjeføter). Eg har no i grunnen alt dette heime i Noreg, men hjelp ikkje så mykje når det er her eg skal dykke. Så no har eg to sett, så får bytte litt på. hehe...
Vi tok også turen innom Hollywood Studios i dag. (gamle MGM). Der var det ein del folk. Men vi fekk likevel teke både Tower of Terror og Rockin Rollercoaster utan dei lengste ventetidene. Og eg står framleis på mitt, dette må vere dei to beste ridane i Walt Disney World.
Fancy middagsmenyar har dei. Mc Steamy Chicken Curry. Har ikkje smakt den, men er sikkert god. Eg gjekk heller for ein Ugly Betty Cheeseburger denne gongen:-)
Kvelden på min fridag nummer 1 har eg brukt til slækking, avslapping og halvsløving på sofaen med sesong 3 av One Tree Hill på fjernsynet. Kos kos kos :-)
No skal eg ta forholdsvis tidleg kveld, så eg er frisk og rask til morgondagens dykk. Eller faktisk TO dykk. Det ser eg verkeleg fram til. Har ikkje vore under vatnet sidan mitt siste dykk på Festøya eit par dagar før eg reiste til USA.
Bilete frå dagens festivitetar kjem i morgon, tenkjer eg. Skal også prøve å finne meg eit undervatns-eingongskamera, så eg kan fotografere litt kvalar og haiar og skilpadder og alt det andre som me måtte finne på havets djup :-)
Snakkast
Sjåast
eller
Høyrast!
1 kommentar:
Kankje ej få snorkelen, symjeføtene og maska då ?^^
Legg inn en kommentar