Inspirert av mi minste syster sin blogg, adopterar eg sitatet for dagen.
Det seier ganske mykje. Det er mange levande vesen vi møter i vårt liv, vere det seg antan menneske, eller forsåvidt også dyr. Og det er igjen mange av desse vi aldri gløymer, når dei av ulike grunnar reiser eller vert tekne vekk frå liva våre.
Så til ære for dei:
- Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
- for om eg søver, eg um deg drøymer.
- Om natt og dag er du like nær,
- og best eg ser deg når myrkt det er.
- Du leikar kringom meg der eg vankar.
- Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
- Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
- som skuggen gjeng etter soli si.
- Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
- d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
- Eg sprett frå stolen og vil meg té,
- men snart meg sig atter ende ned.
- Når vinden lint uti lauvet ruslar,
- eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
- Når sumt der burte eg ser seg snu,
- eg kvekk og trur det må vera du.
- I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
- d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
- I song og fløyte- og felelåt,
- men endå best i min eigen gråt.