På jobb har det no teke seg litt opp igjen med antall gjestar i parken, og vi er som "normalt" fullbooka det meste av dagen og kvelden. Det vil seie meir arbeid for meg, som igjen gjer at dagen går fortare. Herlig herlig:-)
Og for å krydre dagen litt meir, så bestemte datasystema i restauranten seg for å ikkje samarbeide. Dermed måtte vi nokre år tilbake i tid, til det gode gamle systemet med papir og penn. Fantastisk. Endå meir å gjere for meg. Igjen, dagen går endå fortare. Og ikkje minst, for å gjere kaoset i restauranten komplett, begynte det også å regne. Ikkje litt, men mykje. Og ikkje små dråpar, men store. Så store at du vart våt omtrent berre ved å kike ut døra. Men koslig var det rett og slett. Eg er kanskje ikkje heilt rett samanskrudd, men eg hadde ein fantastisk dag på jobb :-)
På veg heim kjøpte eg meg ferdigpizza, så no skal eg berre kike litt på underhaldning på skjermen, og slappe av i sofaen. Sayonara!
4 kommentarer:
Sayonara faktisk, e du byrje å bruke litt japansk altså? ikkje verst. Snart byrja du nok å sjå Naruto også!!
ja ej e faktisk steikje flinke i japansk:p
baaaka!
baaaka?
Legg inn en kommentar