tirsdag 21. oktober 2008

Ullevål, here I come!!!

Det er no klart. Eg skal på cupfinalen! Og det er jammen ikkje lenge til. Eg kan nesten ikkje vente:-) Får sjølvsagt også nokre dagar heime i dette høvet, og det er no berre fantastisk! I dag bestilte eg billetten, reiser torsdag 6.nov med retur fredag 14.nov. Så ein liten svipptur over dammen... Bestilte faktisk på wideroe.no, som viste seg å vere billigaste alternativet. Så all ære til dei!!

I det høvet, må eg berre seie at, om det er nokon som skal ha/vil ha/kan tenkje seg/ynskjer seg noko til jul frå Amerikalandet, så er dette tidspunktet å seie i frå på:-)

Elles har det vore ein gjevande dag. Var i dag i Bakeriet på jobb, for første gong på to år. Artigt! Håpar eg vert verande der fleire vakter framover. Byrjar faktisk å verte litt smålei av restauranten. Men det ordnar seg vel etterkvart når det blir snakk om å faktisk tene litt pengar. Er ikkje så mykje å snakke om no...

No ventar senga. Opp litt før 06 i morgon. Fantastisk!

Ohio!

2 kommentarer:

Anita sa...

Cupfinale e stas veit du, men å fare heimatt, nei d ekje so stas:p

Ej he masse julegåve ynskje frå "over damme" ej.. Hekje du fylt blogge? Synes du må ta med ei rammemadrass frå ikea. Det e saken...!

Linda sa...

He fylt bloggen. Og faktisk allereie kjøpt julegåva, så no stress :D