mandag 30. mars 2009

Fem dagar, åtte statar, 6000++ km....


Då har vi kome oss trygt heim. Tilbake til good old Orlando, og Disney og alt det andre. Saknar allereie "the real world". Menmen... Vi fann ut at vi har lagt bak oss vel 6000 km i løpet av dei fem siste dagane. Det er i grunnen litt langt.. Men artig har det vore.

Siste byen vi var innom, i går og i forgårs, var New Orleans. Ein av USA sine mest heimsøkte byar. Og då måtte vi sjølvsagt på spøkelsesferd.

Spøkelsestourguiden vår, Jonathan.

Måtte sjølvsagt ta bilete av det mest heimsøkte huset i byen.

På ferjetur med utsikt over New Orleans skyline!

Reine vatnet i Mississippi river. Og skuggane til henholdsvis to random uteliggjarar og meg og Merete.
Det kulaste opningstid skiltet eg har sett på lenge. Vi har ope når vi føler for det rett og slett.

Det var vel det vi hadde av bilete for denne gong.

Vi konkluderar med ein flott tur, og har fått med oss åtte statar, Georgia, Tennessee, Alabama, Mississippi, Arkansas, Oklahoma, Texas og Louisiana.


"Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur"

See y`all!

When I was walking in Memphis...

Etter Atlanta og diverse kryssingar av statsgrenser, sto Memphis på lista over destinasjonar på vår roadtrip. Heimbyen til sjølvaste Elvis. Og på ein slik stad er hovudattraksjonen sjølvsagt Graceland :D

Vi tok inn på eit hotell like over gata til Graceland. Og slik såg bassenget ut der. Utan vatn då, sidan det ikkje var så varmt. Og ikkje overraskande, var det Elvis musikk som dura over høgtalarane der.
Skal det vere, so skal det vere.


Vi kjøpte sjølvsagt VIP tour, så vi fekk backstage pass og skikkelig fancy lydutstyr til guida tour opp til Elvis sitt hus.

Lisa Marie, flyet til Elvis.
Utanfor Graceland:-)

Slik ser mange av veggane ut inne i huset. Og dette er berre eit av dei mange romma.
Og ikkje så reint få av desse fann vi. Solgt til gull i Norge!
Elvis, med mor, far og kone ved si side.

Etter ei fantastisk Elvis oppleving, gjekk turen vidare vestover. Her ved grensa mellom Arkansas og Texas, Texarkana.

Der fann vi også ein plakat med "Free puppies", så vi måtte ta oss ein tur og sjå på dei. Nusselige var dei heile gjengen, så det var like før vi enda opp med tre gratise kvalpar. Leveringsklare og greier. Der skulle du ha vore, Anita :-)

I skrivande stund er ein stad nede ved Mexicogulfen. Vi har vore i New Orleans i går og i dag. Men dei bileta har eg ikkje lagt inn på pcen enda, så det skal eg skrive om i morgon. Då går forresten turen heim til Florida igjen. Dessverre. Men må vel jobbe litt av og til også.


Bis dann...

søndag 29. mars 2009

Roadtrip del 2!

I skrivande stund har vi kome oss til New Orleans. Alt står bra til. Men eg får skrive bloggen seinare merkar eg. For igjen, så er housekeeping på døra og vil ha rommet. Så dei får vel få det då :-)

Vi snakkast plutselig!

fredag 27. mars 2009

Roadtrip :D

Onsdag etter jobb, satte eg og min roommate, Merete, ut på langtur. Vi har fått fri i fem dagar, så då må det utnyttast til det fulle. Etter ein lang dag på jobb, er det kanskje ikkje det luraste ein gjer å gje seg ut på langkøyring, men med hjelp av sukker og energidrikkar, så går det meste. Planen var å kome seg til Atlanta, Georgia, onsdag kveld, og det gjekk fint. Sånn i 04.00 tida på morgonen var vi vel framme, og fekk booka oss eit rom på Motell 6, så vi fekk nokre timars søvn☺

Vi starta gårsdagen med eit besøk på "World of Coca Cola", eit museum med alt du kan tenkje deg som har med cola å gjere. I tillegg til at du kan smake på 64 ulike brus som Coca Cola Company har laga rundt omkring i verda. Noko vi sjølvsagt måtte teste. Eg skal love deg du vert uvel av så mykje brus :P

Ein liten del av dei ulike brusene. Dette er Afrika delen.

På Cola museet møtte vi også denne kjekke bjørnen :-)

Og dei hadde stilt ut OL fakkelen frå Lillehammer i 1994 :P

Ein skyskrapar, bokstaveleg tala :-)

Etter å ha hengt litt i Atlanta elles, som forøvrig var ganske grå og kjedelig (ikkje berre fordi det var overskya og skodde), så satte vi kursen vidare, med Memphis, Tennessee som mål.

Undervegs stoppa vi i ein liten by, der vi fann eit Army Depot. Som vi då trudde vi kunne fare inn og sjå på. Men neida, det var kun for sikkerheitsklarerte personar. Og ikkje dumme norske turistar :P
Den største politistasjonen eg har sett på lenge...

Welcome to Alabama!! Ja, vi stoppa midt i motorvegen for å ta biletet. Men kva gjer ein ikkje for bilete av statsgrenser ?

Så tok vi til slutt inn på eit motell i Elvis Presley land. Memphis, TN. Like utanfor Graceland, faktisk i Elvis Presley Boulevard, to be presise:-)

Der vi er i skrivande stund, og housekeeping står utanfor døra å ventar på at vi skal gå:P


Sayonara! Isj.

mandag 9. mars 2009

Universal x 3

Den siste veka har eg faktisk vore i Universal Studios tre gongar. Tru det eller ei. Men like artig kvar gong. Første to gongane var det berre for å ta rides, men no i forgårs, så var eg og Katie, ei som eg jobbar med på Give Kids The World, innom for å dra på konsert. Med Barenaked Ladies. For dei som måtte ha høyrt om dei. Steikje bra var det i alle høve :-)



Soundchecken til Barenaked Ladies.


Live. On Stage:-)
Litt av rides utvalet på Universal Studios- Islands of Adventure. "The Hulk" til venstre" og "Death Drop" eller noko slikt til høgre.

Den som hadde vore her i 2010. Då vert det Harry Potter Verden i Universal Studios.

Sånn går det om du drikk for mykje blå slush...

Kulaste rollercoasteren eg har teke så langt. "Dueling dragons". Ei raud og ei blå bane som held på å kræsje i kvarandre gjennom heile turen.

Madagaskar:D

Simpsons:D

Den nye Simpsons riden. :-)

Open gard

Her om dagen hadde både eg og Merete fri, så då fann vi ut at vi skulle besøke ein Open Gard. Kjempekoseleg var det. Fekk sjå litt skikkelige dyr som nesten kunne ha sett ut som dei var frå Noreg:-)


Først og fremst var der ein heil haug med utruleg skjønne hundar. Type "Shelties". Er vel noko anna på godt norsk tenkjer eg.


Og sjølvsagt masse traktorar :-)
Og sosiale geiter...
Fotogene ender...
Shrek eselet?
Fekk til og med fange høner :p
Og fleire hundar...

Rett og slett ei fin oppleving. Vurderte nesten å kjøpe oss årskort, gjorde vi :-)

Prosjekt...

Som dei fleste sikkert veit, så har eg eit prosjekt gåande, om at eg skal besøke alle statane i USA. Det kan ta tid. Planen var egentlig å gjere det innan eg reiser heim i sommar, men eg har vel innsett at det ikkje funkar heilt. :-) Men i alle fall. No har eg lagt til ei liste her på bloggen, som viser kvar eg har vore og kva eg manglar. Så så langt har eg 9 statar. Av 50. Hehe. Ein start i alle fall....