mandag 30. mars 2009

When I was walking in Memphis...

Etter Atlanta og diverse kryssingar av statsgrenser, sto Memphis på lista over destinasjonar på vår roadtrip. Heimbyen til sjølvaste Elvis. Og på ein slik stad er hovudattraksjonen sjølvsagt Graceland :D

Vi tok inn på eit hotell like over gata til Graceland. Og slik såg bassenget ut der. Utan vatn då, sidan det ikkje var så varmt. Og ikkje overraskande, var det Elvis musikk som dura over høgtalarane der.
Skal det vere, so skal det vere.


Vi kjøpte sjølvsagt VIP tour, så vi fekk backstage pass og skikkelig fancy lydutstyr til guida tour opp til Elvis sitt hus.

Lisa Marie, flyet til Elvis.
Utanfor Graceland:-)

Slik ser mange av veggane ut inne i huset. Og dette er berre eit av dei mange romma.
Og ikkje så reint få av desse fann vi. Solgt til gull i Norge!
Elvis, med mor, far og kone ved si side.

Etter ei fantastisk Elvis oppleving, gjekk turen vidare vestover. Her ved grensa mellom Arkansas og Texas, Texarkana.

Der fann vi også ein plakat med "Free puppies", så vi måtte ta oss ein tur og sjå på dei. Nusselige var dei heile gjengen, så det var like før vi enda opp med tre gratise kvalpar. Leveringsklare og greier. Der skulle du ha vore, Anita :-)

I skrivande stund er ein stad nede ved Mexicogulfen. Vi har vore i New Orleans i går og i dag. Men dei bileta har eg ikkje lagt inn på pcen enda, så det skal eg skrive om i morgon. Då går forresten turen heim til Florida igjen. Dessverre. Men må vel jobbe litt av og til også.


Bis dann...

1 kommentar:

Anita sa...

D e liv over atlanteren forstår ej. Så du villikje ha dej en kvalp? D synes ej nesten du kunne tatt dej!!:p køyr forsiktig heim!