søndag 7. juni 2009

Tilbake frå dykking...

Må vel seie at eg overlevde dykkinga på West Palm Beach. Hehe... Så Anita, du får nok framleis rabatten din på Disney hotellet :-)

Eg fann meg ikkje noko godt undervatnskamera. For vi var nede på 50 fot på første dykket, og på 60 fot på det andre, så det var ingen kamera som ville gå så langt ned. Difor har eg, som så ivrig fotograf eg er, eit bilete frå heile turen, og det er dette:

Ein ser i alle fall utsikta frå der vi satt og venta på at alle skulle få lasta ombord utstyret sitt. Du ser så vidt også båten vi kaurde ut med, på venstre sida. Den kvite med litt raudt på.

Uansett, så var det ein fantastisk tur. Veldig mykje bølger og straum opp på overflata, men nede i vatnet så var det berre ein svak straum, så vi berre kunne følge den framover.

Var ein del fisk å sjå på turen, visstnok eit par sjeldne også. Men det kan ikkje eg så mykje om, så berre naut synet eg:-) I tillegg såg vi også ei fantastisk stor havskilpadde. Aldri sett noko så stort før trur eg. Hadde vi berre hatt undervatnskamera....

4 kommentarer:

Anita sa...

Ej med v sjå haaav skilpadde!!!:'(
Du vart ikkje oppete ta hai? Godt å høyre. Såg de ikkje hai i d heile, ikkje kval`? Ikkje djevelrokke`? Ikkje maneta`? berre fisk.. ?

Linda sa...

ikkje mykje hai nei.. eller djevelrokke å maneta å alt det andre.. hehe... men vi finne nok en plass du kan snorkle å sjå på diverse...

Stein Jarle sa...

Lærte at ein alltid skal ta det djupaste dykket fyrst eg... ?!?

Linda sa...

ja, e vel i grunnen det djupaste fyrst ja.. hehe.. trukje det va so monge so tenkte over det der... tenkte ej ikkje på sjøl heller før no.. hehe...