Godt nytt år! Det er 2009. Ufatteleg. Tida går altfor fort.
Nyttårsafta sto eg ikkje opp noko tidleg. Nesten berre tidsnok til å reise på jobb. Så jobba eg fram til fyrverkeriet i Epcot, som sjølvsagt var steikje bra. Den videoen eg har lagt ut her, er den norske delen. Dei markerte alle landa i Epcot med separate fyrverkeri, før ei stor felles nedtelling på slutten. Så det var vel totalt ei 35-40 minutt med samanhengande fyrverkeri. Fantastisk! Rett og slett!
Her er då vidoen frå nedtellinga og nyttårsfyrverkeriet! Sidan vi sto ute og såg på i bunad, så fekk vi berre stå rett utanfor den norske paviljongen, så vart dermed ikkje så veldig bra utsikt. Men ser no i alle fall litt då :-)
Og sjølvsagt, fyrverkeri finalen!! Happy New Year alle saman! Måtte det nye bli like bra, og endå bedre enn det gamle :-)
3 kommentarer:
Noken so fe LOV å bruke skikkelig fyrverkeri i verden altså?
Ja det skulle berrre mangle. Hehe. Var ikkje mykje fyrverkeri heime i år då altså?
Jauda, men meir småtteri, enn skikkelig fyrverkeri.. D e nå berre lov med disse kassene, dei e flotte, d ekje d, men dei vare berre 30 sek elle noke..
Legg inn en kommentar